An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Åseral kommune søker engasjert prosjektingeniør til ein nøkkelrolle i gjennomføring av drifts-, investerings- og utviklingsprosjekt. Du vil leie og koordinere prosjekt frå planlegging til ferdigstillelse, inkludert bygg, VA-anlegg og infrastruktur, med ansvar for framdrift og kostnadsoppfølging.
Du samarbeider tett med leverandørar, entreprenørar og interne fagmiljø, gjennomfører offentlege anskaffingar, følger opp kontraktar og rapporterer til leiinga.
Vil du vere med å forme framtida i kommunen vår?
Vi søkjer ein engasjert og kompetent prosjektingeniør til ei sentral og viktig stilling i kommunen.
Som prosjektingeniør får du ansvar for å planleggje, koordinere og gjennomføre prosjekt som bidreg til utvikling av lokalsamfunnet og gode tenester til innbyggjarane
Om stillinga
Prosjektingeniøren har ei nøkkelrolle i gjennomføring av kommunen sine drifts-, investerings- og utviklingsprosjekt.
Stillinga omfattar ansvar for prosjekt frå planleggingsfase til ferdigstilling innan mellom anna:
Vi ønskjer at du har:
Vi ser etter deg som:
Personlege eigenskapar vil blei tillagde stor vekt.
Dag Ingvar Sandåker,Einingsleiar drift og vedlikehald,+47 90690845,Dag.Ingvar.Sandaker@aseral.kommune.no
Bordalsbakken 10
4540Åseral
Arbeidsgiver: Åseral kommune
Referansenr.: 5177713808
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.10.2026
Åseral er ei bygd med eit aktivt kulturliv. Minne kultursenter i Kyrkjebygd romar faste og skiftande utstillingar, bygdemuseum, turistkontor og kafé.
I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland.
Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar fra Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.