Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Eining for omsorg i Åseral søker ei 100% fast stilling som helsefagarbeidar ved Åseralsheimen. Stillinga er hovudsakleg tilknytt Åseralsheimen, men kan endrast. Turnus er tredelt med arbeid kvar 3. helg, og einingar arbeider for god kvalitet i tenestene til pasientar og brukarar.
Krav: fagbrev i helsefag, førarkort klasse B og politiattest. Søkjar må vere lagspelar og setje pasientar i fokus.
Vil du bli ein del av vårt flotte team? Eining for omsorg har ledig ei 100% fast stilling for helsefagarbeidar.
Eininga har ansvar for helse- og omsorgstenester til dei som bur eller oppheld seg i kommunen og består av Åseralsheimen og heimetenesta.
Åseralsheimen er eit nytt og flott omsorgsbygg. Her harvi 5 sjukeheimsplassar, 2 plassar på korttidsavdeling, 13 omsorgsbustadar kor 5 av desse er på skjerma avdeling for demente.
Heimetenesta yt tenester til heimebuande som heimesjukepleie, praktisk bistand, helseteknologi og middagsombringing frå eige kjøkken på Åseralsheimen.
Det er tett samarbeid mellom Åseralsheimen og heimetenesta.
Stillinga høyrar hovudsakleg til inne på Åseralsheimen, men dette behovet kan bli endra.
For tida er det tredelt turnus med arbeid 3. kvar helg.
Eininga arbeidar for at både pasientar, brukarar og pårørande skal føle seg godt ivaretekne, og at vi leverarar tenester av høg kvalitet tilpassa den einskilde sitt behov.
Søkjar må ha førarkort klasse B
Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetting (ikkje eldre enn 3 månadar)
Åseral er ei bygd med eit aktivt kulturliv. Minne kultursenter i Kyrkjebygd romar faste og skiftande utstillingar, bygdemuseum, turistkontor og kafé.
I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland.
Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.