An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Ålesund kommune søker ein 80% nattestilling som helsefagarbeidar ved Myrland bustad. Stillinga er med turnus kvar tredje helg, og med fri-perioder. Arbeidet krev tilsyn, natt, legemiddelhandtering og dokumentasjon i helseplattformen.
Krava inkluderer fagbrev som helsearbeidar, god munnleg og skriftleg norsk (CEFR B2), og krav om politiattest og trygg identitet. Helseplattformen og OTTO-app vert nytta ved behov.
Butenesten Indre har ledig ei 80 % stilling på natt for helsefagarbeidar. Stillinga er lagt til Myrland bustad. Det er turnus med arbeid kvar 3. helg og med gode friperiodar. Vi nyttar årsturnus.
Stine Bjørge Solheim, Avdelingsleder, + 47 920 23 497, Stine.Bjorge.Solheim@alesund.kommune.no
Reidun Drabløs, Verksemdsleiar, +47 458 67 004, reidun.gunnvor.drablos@alesund.kommune.no
Myrlandshagen 6
6020Ålesund
Arbeidsgivar: Ålesund kommune
Referansenr.: 5178376264
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 04.10.2026
Det lokale næringslivet er både lokalt, nasjonalt og ikkje minst internasjonalt orientert. Ålesund er «bygd» på fiske og fangst. Framleis er Ålesundregionen er verdsleiande på det marine og maritime området. Fleire av landets største fiskebedrifter og oppdrettsselskap held til i kommunen vår. Ålesund har Noregs største cruisehamn, største fiskerihamn og nest største containerhamn. Vi er og Noregs største eksporthamn på fiskeriprodukter.
Kommunen er det største kollektivknutepunktet i fylket, og tal frå 2016 viser at det årleg er rundt to millionar passasjerer som går av eller på ein buss eller båt i Ålesund.
Ålesund by er viden kjend for sin vakre jugendstil. Tårn, spir og vakre utsmykkingar møter deg som går gatelangs der.
Byen ligg som ein døropnar til fjordsystemet på Sunnmøre og strekk seg heilt nord til Ona utenfor Romsdalskysten. Andre attraksjonar i kommunen er Ona fyr og fantastiske fjell, fjordar og natur rett utenfor stovedøra.
Vi er ein universitetskommune og har eit nært samarbeid med NTNU på Campus Ålesund. På Campus Ålesund finn du òg Ålesund framtidslab - U4SSC ip.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.