Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Åseral kommune i Agder søker ein heilfagarbeidar til 100% fast stilling ved Åseralsheimen og heimetenesta. Stillinga rapporterer hovudsakleg til Åseralsheimen, og arbeidet vil inkludere korttids- og demensområde samt heimesjukepleie.
Me ser etter sjølvstendige, strukturert og lagorienterte søkjarar som kan arbeide i tre-delt turnus og i team. Vi tilbyr opplæring, mentor og støtte til kompetanseheving, samt bustadhjelp og barnehageplass i kommunen.
Vil du bli ein del av vårt flotte team? Eining for omsorg har ledig ei 100% fast stilling for helsefagarbeidar.
Eininga har ansvar for helse- og omsorgstenester til dei som bur eller oppheld seg i kommunen og består av Åseralsheimen og heimetenesta.
Åseralsheimen er eit nytt og flott omsorgsbygg. Her harvi 5 sjukeheimsplassar, 2 plassar på korttidsavdeling, 13 omsorgsbustadar kor 5 av desse er på skjerma avdeling for demente.
Heimetenesta yt tenester til heimebuande som heimesjukepleie, praktisk bistand, helseteknologi og middagsombringing fra eige kjøkken på Åseralsheimen.
Det er tett samarbeid mellom Åseralsheimen og heimetenesta.
Stillinga høyrar hovudsakleg til inne på Åseralsheimen, men dette behovet kan bli endra.
For tida er det tredelt turnus med arbeid 3. kvar helg.
Eininga arbeidar for at både pasientar, brukarar og pårørande skal føle seg godt ivaretekne, og at vi leverarar tenester av høg kvalitet tilpassa den einskilde sitt behov.
Me er opptatt av at kvar enkelt pasient skal få gode tenester, og tenester som er tilpassa kvar enkelt.
Søkjar må ha førarkort klasse B
Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetting (ikkje eldre enn 3 månadar)
Personlege eigenskaper vert vektlagt
Sjekk ut korleis det er å bu og jobbe i Åseral: https://xn--flytttilseral-wfb.no/
Camilla Verdal,Einingsleiar omsorg,90952859, Camilla.Verdal@aseral.kommune.no
Bordalsbakken 10
4540Åseral
Arbeidsgiver: Åseral kommune
Referansenr.: 5182658364
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.10.2026
Åseral er ei bygd med eit aktivt kulturliv. Minne kultursenter i Kyrkjebygd romar faste og skiftande utstillingar, bygdemuseum, turistkontor og kafé.
I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland.
Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar fra Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.
Ledige stillingar innen avlastning og BPA