Consigue una respuesta de este empleador
Tu currículum y tu carta de presentación, adaptados exactamente a lo que buscan contratar.
Universitetet i Bergen søker ei professor II eller førsteamanuensis i medisin (samfunnsmedisin) i tre år. Stillinga er knytt til Fagområde for Epidemiologi og Statistikk i Bergen og ligg i Alrek helseklynge.
Arbeidet består i forsking, undervisning og koordinering med Bergen kommune knytta til samfunnsmedisinsk praksis. Den tilsette må ha norsk doktorgrad eller tilsvarande kompetanse, erfaring som kommuneoverlege og god kompetanse i å formidle og rettleiing av studentar og ph.d.-kandidatar.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei åremålsstilling som professor II eller førsteamanuensis (20 %, ekstraerverv «bistilling») i medisin (samfunnsmedisin) i tre (3) år frå tilsetjing. Stillinga er lagt til Fagområde for Epidemiologi og Statistikk, og knytt til fast hovudstilling (min. 50 %) i Bergen kommune. Arbeidsstad er Alrek helseklynge. Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren, og har fagleg tyngde innafor eit forskingsfelt som er relevant for instituttet. Arbeidsoppgaver vil bestå i forskning, undervisning og koordinering med Bergen kommune særleg knytta til samfunnsmedisinsk praksis
Den som vert tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Det vert forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering. Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt tilUndervisningsgruppa i samfunnsmedisin, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, samt aktiv deltakingi instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.
Det er eit krav for førsteamanuensis- og professorstilling at utdanningsfagleg kompetanse vert fullført seinast fire år etter tilsetjing, sjå retningsliner på Eining for læring . Universitetet tilbyr opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. Undervisningsspråket er i hovudsak norsk, men det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Utfyllandeopplysingaromstillingakanein få ved å venta segtilprofessor Liv Grimstvedt Kvalvik(E-post: liv.kvalvik@uib.no , telefonnummer:+47 55588548). For HR-relevante spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Thomas McGonagle Bentsen(E-post: thomas.bentsen@uib.no )
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her .