Postdoktor i kvantesensorikk

Kjetil Ullaland

Bergen

On-site

NOK 617,000 - 754,000

Full time

12 days ago
Application generator

Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Pensjonsordning i Statens pensjonskass
Lønn som postdoktor
Gode velferdsordningar

Job summary

Universitetet i Bergen søker ein postdoktor i kvantesensorikk ved Institutt for fysikk og teknologi. Stillinga er eit åremålsverk, inklusive plan for kvalifisering og forskingsopphald i utlandet kan gje forlenging. Den som tilset får eit vellukka forskingsmiljø og høve til å arbeide i toppstillingar.

Arbeidet inkluderer utvikling av konfokalt mikroskopioppsett, nanopartekeying og analyse av data for å spore NV-haldige nanodiamantar i celler og høyoppløyste eksperiment innan kvantebiosensorikk.

Qualifications

  • Søkjar må ha norsk doktorgrad eller være levert til vurdering ved fristen, innan tilsetjing skjer.
  • Praktisk erfaring frå konfokalmikroskopi og bildeanalyse krevast.
  • Erfaring med cellesystemer, membranløse organellar eller cellebestråling er ein fordel.

Responsibilities

  • Designe og montere konfokal mikroskopioppsettet.
  • Utvikle algoritmar for partikkelsporing og dataanalyse.
  • gjennomføre eksperiment i kvantesensorikk og vurdere nye kvantesensormodalitetar.

Skills

Konfokalmikroskopi
Bildanalyse
Kvantesensorikk oppsett
Samarbeid og prosjektledelse

Education

PhD i fysikk eller biofysikk

Tools

QDM-oppsett

Job description

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Postdoktor i kvantesensorikk

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som postdoktor i kvantesensorikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Prosjektet har som mål å utvikle innovative kvantesensorteknikkar ved bruk av nitrogen-vakanssenter (NV-senter) i diamant for å studere intracellulære prosessar i stressa celler. I løpet av prosjektperioden skal ein designe, bygge og optimalisere eit spesialtilpassa konfokalt kvantediamantmikroskop (QDM) for å spore NV-haldige nanodiamantar inne i celler og gjennomføre høgoppløyste eksperiment innan kvantebiosensorikk. QDM-systemet skal nyttast til å undersøkje danninga av membranlause organell og dei mekaniske eigenskapane deira, samt danninga av reaktive oksygenartar under ekstern stråling.

Dei viktigaste ansvarsområda til postdoktoren vil vere å designe og montere det konfokale mikroskopioppsettet, utvikle algoritmar for partikkelsporing, gjennomføre eksperiment innan kvantesensorikk og analysere data. I tillegg vil den tilsette ha ei sentral rolle i å utvikle og evaluere nye kvantesensormodalitetar for å vidareutvikle prosjektmåla.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjarar må ha oppnådd ein grad tilsvarande ein norsk doktorgrad (ph.d.) innanfor fysikk eller biofysikk,eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Pratisk erfaring frå eller kompetanse innan konfokalmikroskopi, bildeanalyse og utvikling av QDM-oppsett er et krav.
  • Praktisk erfaring frå eller kompetanse innanarbeid med celler, membranløse organeller eller cellebestråling er en fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskaplege toppstillingar.Kandidatar som manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, vil få høve til kvalifiserande arbeid, anten i åremålsperioden eller gjennom eventuell forlenging av åremålsperioden (maks fire år totalt).Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som innehold ein framdriftsplan

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:
  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 685 900. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
  • Ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert.
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til forskarJustas Zalieckas, Institutt for fysikk og teknologi, Universitetet i Bergen, e-post: justas.zalieckas@uib.no , eller instituttleiar Kjetil Ullaland, e-post: kjetil.ullaland@uib.no .

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Vivian Stegen Jacobsen, Vivian.jacobsen@uib.no .

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom flere søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her .

Get your free, confidential resume review.
or drag and drop your file here.
Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Postdoktor i kvantesensorikk
Postdoktor i kvantesensorikk

Arbeidsplassen • Bergen

On-site
NOK 617,000 - 754,000
Medlem i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Postdoktor i kvantesensorikk
Postdoktor i kvantesensorikk

Universitetet i Bergen • Bergen

Hybrid
NOK 617,000 - 754,000
Stimulerande arbeidsmiljø
Åremålsstilling
Postdoktor i fysikkinformert maskinlæring for havvind
Postdoktor i fysikkinformert maskinlæring for havvind

Karoline Christiansen • Bergen

On-site
NOK 617,000 - 754,000
Pensjonsordning
Gode velferdsordningar
Forsker i anvendt matematikk og berekningsvitskap for geologiske porøse materiale
Forsker i anvendt matematikk og berekningsvitskap for geologiske porøse materiale

Arbeidsplassen • Bergen

On-site
NOK 685,000 - 725,000
Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Postdoktor i modellering av kopla geodynamikk – glasial erosjon
Postdoktor i modellering av kopla geodynamikk – glasial erosjon

Sebastian Wolf • Bergen

On-site
NOK 617,000 - 754,000
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Administrasjonssjef ved Klinisk institutt 2
Administrasjonssjef ved Klinisk institutt 2

Administrasjonssjef • Bergen

On-site
NOK 910,000 - 990,000
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Vikariat som seniorkonsulent/rådgjevar ved Forskingsseksjonen, Det medisinske fakultet.
Vikariat som seniorkonsulent/rådgjevar ved Forskingsseksjonen, Det medisinske fakultet.

Tone Friis Hordvik • Bergen

On-site
NOK 615,000 - 700,000
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Postdoktor i fysikkinformert maskinlæring for havvind
Postdoktor i fysikkinformert maskinlæring for havvind

Universitetet i Bergen • Bergen

Hybrid
NOK 617,000 - 754,000
Postdoktor i fysikkinformert maskinlæring for havvind
Postdoktor i fysikkinformert maskinlæring for havvind

Arbeidsplassen • Bergen

On-site
NOK 583,000 - 789,000
Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Postdoktor i ver- og klimafysikk
Postdoktor i ver- og klimafysikk

Postdoktor • Bergen

On-site
NOK 650,000 - 730,000
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar