Postdoktor i kvantesensorikk

Universitetet i Bergen

Bergen

Hybrid

NOK 617,000 - 754,000

Full time

10 days ago
Application generator

Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Stimulerande arbeidsmiljø
Åremålsstilling

Job summary

Universitetet i Bergen søker ein postdoktor innan kvantebiosensorikk som arbeider med NV-sentar i diamant for å studere intracellulære prosessar i stressa celler. Prosjektet inkluderer å designe, bygge og optimalisere eit konfokalt kvantesensormikroskop for å spore NV-haldige nanodiamantar i celler og gjennomføre høgoppløyste eksperiment.

Hovudoppgåvene er å designe og montere mikroskopet, utvikle partikkelsporing-algoritmar, gjennomføre eksperiment og analysere data.

Qualifications

  • Søkjarar må ha PhD i fysikk eller biofysikk før tilsetjing.
  • Praktisk erfaring frå konfokalmikroskopi og bildeanalyse.
  • Praktisk erfaring frå eller kompetanse innan arbeid med celler eller membranløse organellar prøvebehandling.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Responsibilities

  • Designe og montere konfokale mikroskopioppsettet.
  • Utvikle algoritmar for partikkelsporing og datasamling.
  • Gjennomføre eksperiment innan kvantesensorikk og analysere data.
  • Utvikle og evaluere nye kvantesensormodalitetar.

Skills

Confocal microscopy
Image analysis
QDM setup

Education

PhD in Physics or Biophysics

Job description

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.


Prosjektet har som mål å utvikle innovative kvantesensorteknikkar ved bruk av nitrogen-vakanssenter (NV-senter) i diamant for å studere intracellulære prosessar i stressa celler. I løpet av prosjektperioden skal ein designe, bygge og optimalisere eit spesialtilpassa konfokalt kvantediamantmikroskop (QDM) for å spore NV-haldige nanodiamantar inne i celler og gjennomføre høgoppløyste eksperiment innan kvantebiosensorikk. QDM-systemet skal nyttast til å undersøkje danninga av membranlause organell og dei mekaniske eigenskapane deira, samt danninga av reaktive oksygenartar under ekstern stråling.


Dei viktigaste ansvarsområda til postdoktoren vil vere å designe og montere det konfokale mikroskopioppsettet, utvikle algoritmar for partikkelsporing, gjennomføre eksperiment innan kvantesensorikk og analysere data. I tillegg vil den tilsette ha ei sentral rolle i å utvikle og evaluere nye kvantesensormodalitetar for å vidareutvikle prosjektmåla.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:


  • Søkjarar må ha oppnådd ein grad tilsvarande ein norsk doktorgrad (ph.d.) innanfor fysikk eller biofysikk,eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.

  • Pratisk erfaring frå eller kompetanse innan konfokalmikroskopi, bildeanalyse og utvikling av QDM-oppsett er et krav.

  • Praktisk erfaring frå eller kompetanse innanarbeid med celler, membranløse organeller eller cellebestråling er en fordel.

  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.

  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.


Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.


Særeigne krav for stillinga


UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.


Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskaplege toppstillingar.Kandidatar som manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, vil få høve til kvalifiserande arbeid, anten i åremålsperioden eller gjennom eventuell forlenging av åremålsperioden (maks fire år totalt).Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil ett år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.


Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan


Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.



  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø

  • Tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 685 900. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

  • Ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga

  • Ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde \"fordelane\", då desse vil blive vurderte ved rangeringa av kandidatane.

  • Namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren fra doktorgradsutdanninga.

  • Karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert.


Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til forskarJustas Zalieckas, Institutt for fysikk og teknologi, Universitetet i Bergen, e-post:justas.zalieckas@uib.no , eller instituttleiar Kjetil Ullaland, e-post: kjetil.ullaland@uib.no .


Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.


Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.


Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.


Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikke å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikke blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her .


Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Get your free, confidential resume review.
or drag and drop your file here.
Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Postdoktor i kvantesensorikk
Postdoktor i kvantesensorikk

Arbeidsplassen • Bergen

On-site
NOK 617,000 - 754,000
Medlem i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Postdoktor i kvantesensorikk
Postdoktor i kvantesensorikk

Kjetil Ullaland • Bergen

On-site
NOK 617,000 - 754,000
Pensjonsordning i Statens pensjonskass
Lønn som postdoktor
Gode velferdsordningar
Postdoktor i fysikkinformert maskinlæring for havvind
Postdoktor i fysikkinformert maskinlæring for havvind

Universitetet i Bergen • Bergen

Hybrid
NOK 617,000 - 754,000
Researcher 1109 within applied mathematics and computationalscience for geological porous materials
Researcher 1109 within applied mathematics and computationalscience for geological porous materials

Universitetet i Bergen • Bergen

Hybrid
NOK 686,000 - 725,000
Postdoktor i modellering av kopla geodynamikk – glasial erosjon
Postdoktor i modellering av kopla geodynamikk – glasial erosjon

Arbeidsplassen • Bergen

On-site
NOK 650,000 - 720,000
Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Postdoktorlønn
Postdoktor i modellering av kopla geodynamikk – glasial erosjon
Postdoktor i modellering av kopla geodynamikk – glasial erosjon

Universitetet i Bergen • Bergen

Hybrid
NOK 617,000 - 754,000
Postdoktor i fysikkinformert maskinlæring for havvind
Postdoktor i fysikkinformert maskinlæring for havvind

Arbeidsplassen • Bergen

On-site
NOK 583,000 - 789,000
Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Postdoktor i modellering av kopla geodynamikk – glasial erosjon
Postdoktor i modellering av kopla geodynamikk – glasial erosjon

Sebastian Wolf • Bergen

On-site
NOK 617,000 - 754,000
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Postdoktor ved AI LEARN
Postdoktor ved AI LEARN

Arbeidsplassen • Bergen

On-site
NOK 617,000 - 754,000
Postdoktorstilling (1352)
Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Postdoktor i fysikkinformert maskinlæring for havvind
Postdoktor i fysikkinformert maskinlæring for havvind

Karoline Christiansen • Bergen

On-site
NOK 617,000 - 754,000
Pensjonsordning
Gode velferdsordningar