Postdoktor i modellering av kopla geodynamikk – glasial erosjon

Sebastian Wolf

Bergen

Vor Ort

NOK 617.000 - 754.000

Vollzeit

14 Tage+

Erhalte eine Antwort von diesem Arbeitgeber

Dein Lebenslauf und dein Anschreiben, genau auf das zugeschnitten, was gesucht wird.

Schaffe es an den ATS-Filtern vorbei

Benefits dieser Stelle

Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar

Zusammenfassung

Universitetet i Bergen søker ein postdoktor i tektonikk og glasial erosjon for å bidra til ICICLE-prosjektet ved Institutt for geovitenskap. Stillinga er ei treårig åremålsstilling knytt til eit internasjonalt forskingsprosjekt og leia av Dr Sebastian Wolf.

Arbeidet omfattar utvikling av kopla geodynamikk–glasial erosjonsmodellar og publikasjon av resultat i internasjonale tidsskrift. Vitskapleg opphald ved andre institusjonar kan vere aktuelt og bidra til fagleg utvikling.

Qualifikationen

  • Søkjar må ha norsk doktorgrad innan geodynamikk, tektonikk eller geomorfologi.
  • Kvantitativ modellering av tektoniske eller overflateprosessar er krav.
  • Gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Evne til presentasjon og publisering på internasjonalt nivå.
  • Erfaring med termomekanisk modellering er ein fordel.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team.

Aufgaben

  • Forstå korleis klima, glasial erosjon og tektonikk verkar saman over geologiske tidsskalaer.
  • Utvikle kopla geodynamikk–glasial erosjons-modellar.
  • Lage og bruke 2D og 3D-modellar for orogenutvikling.
  • Presentere resultat på internasjonale konferansar.
  • Publisere resultat i fagfellevurderte tidsskrift.

Kenntnisse

Geodynamics
Tectonics
Quantitative modelling
Publications
English language
Independent work
Collaboration
Thermo-mechanics

Ausbildung

PhD in Geodynamics

Jobbeschreibung

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Postdoktorstilling

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som postdoktorinnan tektonikk–glasial erosjons-interaksjon. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år og knytt tilprosjektet «ICICLE», finansiert av Trond Mohn Forskningsstiftelse.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Hovudmålet med dette prosjektet er å forstå korleis klima, glasial(-fluvial) erosjon og tektonisk deformasjon verkar saman over geologiske tidsskalaer for å forme fjellkjeder som blir danna i osean-kontinent-subduksjonssystem, med særleg fokus på utviklinga av Andesfjella.Dette vil bli undersøkt ved hjelp av nye kopla geodynamikk–glasial erosjons-modellar. Forskinga vil omfatte:

  • Bruk av 2D kopla geodynamiske–glasiale–fluviale erosjonsmodelar for å kvantifisere utviklinga av osean-kontinent-subduksjons-orogen, og samanlikning av overordna modellresultat med fjellkjeder på jorda.
  • Å undersøkje korleis samspelet mellom tektonikk og klimadrivne overflateprosessar formar den sørlege delen av Andesfjella, ved hjelp av kopla 2D-modellar.
  • Å undersøkje i kva grad tektoniske og erosjonelle prosessar styrer variasjonar langs den sørlege delen av Andesfjella, ved hjelp av kopla 3D-modellar for geodynamikk og glasial (-fluvial) erosjon.
  • Presentasjon av resultat på internasjonale konferansar.
  • Publisering av resultat i fagfellevurderte vitskaplege tidsskrift.

Arbeidet vil bli utført ved Universitetet i Bergen, med moglege forskingsopphald ved Aarhus Universitet (Danmark) og ved GFZ Potsdam (Tyskland).

Stillinga er knytt til prosjektet «ICICLE», eit tverrfagleg prosjekt som har som mål å kvantifisere korleis tektonisk deformasjon, glasial–fluvial erosjon og klima verkar saman for å forme fjellkjeder på jorda, ved å integrere nye kopla geodynamikk–glasial erosjons-modellar med utvalde naturlege laboratorium. Prosjektet er leia av Dr Sebastian Wolf, i samarbeid med Prof Ritske Huismans, Prof Ann Rowan, Prof Kerim Nisancioglu (alle UiB, Noreg), Prof Vivi Pedersen (U Aarhus, Danmark), Prof Jean Braun (GFZ & U Potsdam, Tyskland), Dr Guillaume Cordonnier (INRIA, U Côte d'Azur, Frankrike), Prof Dave May (Scripps, UCSD, USA), og Dr Sean Eaves (U Wellington, NZ).

Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjarar må ha oppnådd ein grad tilsvarande ein norsk doktorgrad (ph.d.) innanfor geodynamikk, tektonikk eller geomorfologi,eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Bakgrunn og forskingsinteresse innan kvantitativ modellering av tektoniske prosessar eller overflateprosessar, og kvantitativ geovitskap er eit krav.
  • Bakgrunn og forskingsinteresse innan geodynamikk og tektonikk er eit krav.
  • Dokumentert evne til å presentere og publisere forskingsresultat på eit internasjonalt nivå, samt dokumentert forskingspotensial gjennom publisert forskingsarbeid og ei tydeleg forskingsfråsegn, er eit krav.
  • Erfaring med termomekanisk modellering eller modellering av overflateprosessar er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha veldig gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskaplege toppstillingar. Kandidatar som manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, vil få høve til kvalifiserande arbeid, anten i åremålsperioden eller gjennom eventuell forlenging av åremålsperioden (maks fire år totalt). Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:
  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
  • tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 685 900. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • gode velferdsordningar .
Søknaden skal innehalde:
  • ei kort utgreiing om motivasjonen for å søkje stillinga
  • ei utgreiing om forskingsinteresser og framtidige forskingsretningar
  • ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)
Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg tilDr Sebastian Wolf, Institutt for geovitenskap, sebastian.wolf@uib.no .

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgivar Mathilde Høgalmen, Mathilde.hogalmen@uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Hol dir deinen kostenlosen, vertraulichen Lebenslauf-Check.

oder ziehe deine Datei hierhin.

Similar jobs

Ähnliche Jobs, die dir auch gefallen könnten

Postdoktor i modellering av kopla geodynamikk – glasial erosjon
Postdoktor i modellering av kopla geodynamikk – glasial erosjon

Arbeidsplassen • Bergen

Vor Ort
NOK 650.000 - 720.000
Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Postdoktorlønn
Postdoktor i metallorganisk kjemi og berekraftig ammoniakksyntese
Postdoktor i metallorganisk kjemi og berekraftig ammoniakksyntese

Universitets- og høyskolelektorer/-lærere • Bergen

Vor Ort
NOK 617.000 - 754.000
Gode velferdsordningar
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Postdoktor i multifunksjonalitet i graslandskap
Postdoktor i multifunksjonalitet i graslandskap

Postdoktor i statsvitenskap • Bergen

Vor Ort
NOK 617.000 - 754.000
–
Postdoktor i mekanismar for temperaturrobustheit hos fiskeembryo
Postdoktor i mekanismar for temperaturrobustheit hos fiskeembryo

Postdoktor i statsvitenskap • Bergen

Vor Ort
NOK 617.000 - 754.000
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Postdoktor ved Det juridiske fakultet
Postdoktor ved Det juridiske fakultet

Universitets- og høyskolelektorer/-lærere • Bergen

Vor Ort
NOK 728.000 - 800.000
Gode velferdsordningar
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Postdoktor ved Det juridiske fakultet
Postdoktor ved Det juridiske fakultet

Forskere ved Det juridiske fakultet • Bergen

Vor Ort
NOK 728.000 - 800.000
Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Godt faglig arbeidsmiljø
Postdoktor i multifunksjonalitet i graslandskap
Postdoktor i multifunksjonalitet i graslandskap

Universitetet i Bergen • Bergen

Vor Ort
NOK 617.000 - 754.000
Godt arbeidsmiljø
Postdoktorstilling (kode 1352)
Medlemskap i Pensjonskasse
+1
Postdoktor i mekanismar for temperaturrobustheit hos fiskeembryo
Postdoktor i mekanismar for temperaturrobustheit hos fiskeembryo

Universitetet i Bergen • Bergen

Vor Ort
NOK 617.000 - 754.000
Gode velferdsordningar
Konkurransedyktig lønn
Ph.d.-stipendiat i kvartærgeologi og paleoklima
Ph.d.-stipendiat i kvartærgeologi og paleoklima

Henriette Linge • Bergen

Vor Ort
NOK 580.000 - 620.000
Løn som stipendiat
Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Seksjonssjef for forskingsseksjonen ved Det medisinske fakultet.
Seksjonssjef for forskingsseksjonen ved Det medisinske fakultet.

Synnøve Myhre • Bergen

Vor Ort
NOK 990.000 - 1.090.000
Løn som seksjonssjef (kode 1211) 990 0
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Top-Standorte