Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Universitetet i Bergen søkjer ein forskar til å arbeide innan berekningsrett og anvendt matematikk, med fokus på løysarteknologi og simulering av fleirfaseflyt i deformerte geologiske porøse medium.
Stillinga er knytt til CSSR og gigaCCS-sentera, og dei tilsette forventast å bidra til ekstern finansiering og formidling, samt rettleiing av ph.d.- og masterstudentar.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Stillinga er finansiert av eksterne midlar. For perioden 2027–2031 er stillinga i hovudsak finansiert gjennom dei Forskingsrådsfinansierte sentera «Center for Sustainable Subsurface Resources» (CSSR ) og «gigaCCS », der Universitetet i Bergen er partnar. Fast tilsette forskarar blir likevel oppmoda til å bidra til å sikre eiga ekstern finansiering, og på lengre sikt kan stillinga bli finansiert gjennom ein kombinasjon av prosjekt innan forskingsgruppa.
Den som blir tilsett, vil spele ei sentral rolle i forskingsgruppa sitt arbeid innanfor begge dei nemnde sentera.Viktige arbeidsoppgåver og ansvarsområde vil vere:
Utvikling og matematisk analyse av løysarteknologi for simulering av fleirfaseflyt i deformerbare geologiske porøse medium. Viktige utfordringar og moglegheiter knytte til sentara sine bruksområde omfattar:
a) Operasjonar med variable og/eller sykliske injeksjonsprofilar.
b) Lagring av CO₂ med varierande grad av ureiningar både i CO₂ og i reservoarvæskene.
c) Storskala operasjonar på tvers av fleire felt med betydeleg mekaniske interaksjon.
I vurderinga av aktuelle kandidatar vil ei heilskapleg vurdering av både kvalitet og breidde i kandidatane si forsking bli gjennomført. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom flere søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.