Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
MMIV ved Haukeland universitetssjukehus søker ein forskarpostdoktor med sterk kompetanse i djuplæringsmodellar for medisinsk bildeforståing og segmentering. Du vil etablere eit reproduserbart treningsoppsett basert på Docker-rammeverk som NN/U-Net og sikre sikker dataflyt frå lokale bildearkiv til treningsmiljøet.
Arbeidet kombinerer klinisk relevans med avansert maskinlæringsutvikling og vitskapleg publisering. Stillinga er finansiert for eitt år med mogleg fristilling ved ekstern finansiering.
Vi søker ein kanditat med sterke programmeringsferdigheiter og praktisk erfaring med trening av djuplæringsmodellar for segmentering av medisinske bilde. Ei sentral oppgåve vil vere å etablere eit reproduserbart, containerbasert treningsoppsett, til dømes nnU-Net i Docker på sjukehusets berekningsinfrastruktur, med sikker dataflyt frå lokale bildearkiv til treningsmiljøet. Stillinga kombinerer anvendt forsking og teknisk utvikling av maskinlæringsløysingar, med vekt på vitskapleg publisering og klinisk relevant vurdering.
Om MMIV:
MMIV er lokalisert ved Radiologisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus. Senteret samlar kompetanse innan radiologi, klinisk medisin, informatikk og ingeniørfag for å forbetre bildediagnostikk og kliniske arbeidsprosessar. Tilknytningen til sjukehuset legg til rette for samarbeid mellom forskarar og klinikarar om klinisk relevante problemstillingar innan bildediagnostikk. Meir informasjon: https://www.mmiv.no
Den som blir tilsett, blir ein del av eit forskingsmiljø med om lag 20 kollegaer som hovudsakleg arbeider med bildeforsking og kunstig intelligens. Det daglege arbeidet vil innebere tett samarbeid med deltakarar i ASIS-prosjektet, med jamnlege moglegheiter til å diskutere metodar, resultat og klinisk anvendingar. Hauke Bartsch og Satheshkumar Kaliyugarasan vil gje vitskapleg rettleiing.
Finansiering og karriereutvikling
Stillinga er finansiert for eitt år. I denne perioden skal den som vert tilsett, samarbeide med seniorforskarar ved MMIV om å utarbeide og sende inn ein felles søknad om ekstern finansiering, med sikte på å støtte vidare forsking og mogeleg vidare tilsetjing. Søknadsarbeidet vil inngå i den avtalte arbeidsplanen.
Aktuelle moglegheiter kan omfatte eit postdoktorstipend, dersom kandidaten oppfyller kvalifikasjonskrava, eller ein anna eigna finansieringsordning. Eventuell vidare tilsetjing vil avhenge av at finansiering blir innvilga, og at gjeldande rekrutteringsprosedyrar blir gjennomført.
Ønska kvalifikasjonar:
Erfaring innanfor eit eller fleire av følgjande område vil vere ein fordel:
Det er ikkje forventa at søkarar har erfaring frå alle desse områda, heller ikke samtlege av kvalifikasjonskrava er obligatorisk for å søke.
Forskingserfaring, motivasjon, vitskapleg potensiale og personleg eignaheit vil bli vektlagt i vurderinga. Kvalifikasjonar og meritter vil bli vurdert i lys av kor søkaren er i karrieren. Søkarar bør vise korleis erfaringa deira kan bidra til å etablere lokal modelltrening i ASIS-prosjektet i løpet av det eitt-årige engasjementet.
Vi oppfordrer alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.