Seksjonsleiar lege, Radiologisk avdeling

Radiologisk avdeling, Helse Bergen HF

Bergen

Presencial

NOK 1.400.000 - 1.900.000

Jornada completa

hace 42 horas
Sé de los primeros/as/es en solicitar esta vacante

Consigue una respuesta de este empleador

Tu currículum y tu carta de presentación, adaptados exactamente a lo que buscan contratar.

Supera los filtros ATS

Ventajas ofrecidas por este puesto de trabajo

Konkurransedyktige pensjonsordningar
Forsikringsordningar
Inkluderande arbeidsmiljø

Descripción de la vacante

Radiologisk avdeling ved Helse Bergen HF søker ein seksjonsleiar lege for å leie eit av dei mest avanserte radiologiske fagmiljøa i landet. Stillinga krev spesialistkompetanse i radiologi og leiarkompetanse, med ansvar for fagleg utvikling og pasientflyt.

Avdelinga er stor og tverrfagleg, og vi jobbar tett med forsking, utdanning og KI i radiologi. Vi tilbyr konkurransedyktig lønns- og etterutdanningstilbud i eit inkluderande arbeidsmiljø.

Formación

  • Spesialist i radiologi med norsk autorisasjon
  • Erfaring med organisering av radiologiske tenester
  • Gode evner til strategisk tenking, samarbeid og kommunikasjon
  • Leiing eller sterk interesse for leiarutvikling og forsking er ønskelig

Responsabilidades

  • Ansvar for å sikre ei trygg og ansvarleg radiologisk verksemd i tråd med sjukehusets behov
  • Sikre fagleg leiing og utvikling av avdelinga innanfor gjeldande økonomisk ramme
  • Personalansvar og fagleg rettleiing for LIS-legar i samarbeid med assisterande seksjonsleiar lege
  • Bidra til utvikling av nye diagnostiske metodar og KI-verktøy
  • Tverrfagleg samarbeid for å optimere diagnostiske tenester
  • Delta i forskings- og innovasjonsarbeid innan radiologi
  • Overordna ansvar for utdanning og kompetanseutvikling i avdelinga
  • Representere avdelinga i relevante faglege og administrative forum

Conocimientos

Radiology leadership
Strategic thinking
Communication
Team collaboration

Educación

Radiology specialization with Norwegian authorization
PhD (research background)

Descripción del empleo

Seksjonsleiar lege, Radiologisk avdeling

Stillingstittel Seksjonsleiar lege, Radiologisk avdeling Helse Bergen

Ønsker du ei leiarrolle i eit av dei mest avanserte radiologiske fagmiljøa i Noreg?
Vi søker ein seksjonsleiar lege med sterk fagleg forankring og gjerne med leiarerfaring for å vidareutvikle vårt høgt spesialiserte fagmiljø.
Om avdelinga:
Radiologisk avdeling er ei av dei største i landet, og avdelinga utfører eit breitt spekter av diagnostiske undersøkingar og intervensjons- og behandlingsprosedyrar.
Vi tilbyr avansert biletdiagnostikk innan nukleærmedisin og radiologi for mellom anna områda nevroradiologi, muskel- og skjelettradiologi, onkologisk biletdiagnostikk, thorax- og abdominal radiologi, brystdiagnostikk, barneradiologi og intervensjonsradiologi. Legar tilsett ved PET-senteret og Brystdiagnostisk senter (BDS) har eigen leiar, alle andre legar ved avdelinga vert leia av Seksjonleiar lege.
Avdelinga har ei sentral rolle i sjukehuset si tverrfaglege pasientbehandling og samarbeider med Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet om forsking og utdanning av legar og radiografar.
Avdelinga har om lag 340 tilsette, deriblant om lag 88 legar, inkludert LIS-legar. Legane samarbeider tett med radiografar, fysikarar og anna helsepersonell. Vi har moderne utstyrspark som inkluderer MR, CT, PET, ultralyd og røntgen/intervensjons-diagnostikkrom. Avdelinga og avdelinga si forskingseining (MMIV) er ein leiande aktør innen radiologisk forsking og i implementering av kunstig intelligens (KI) i biletdiagnostikk.

Arbeidsoppgåver
  • Ansvar for å sikre ei trygg og ansvarleg radiologisk verksemd i tråd med sjukehusets og avdelingas til ein kvar tid gjeldande behov og ramme
  • Sikre fagleg leiing og utvikling av avdelinga innanfor gjeldande økonomisk ramme i tråd med sjukehuset sin strategi
  • Personalansvar for overlegar og fagleg rettleiing for LIS-legar ved seksjonen i samarbeid med assisterande seksjonsleiar lege. Sikre forsvarleg medisinsk drift og optimal og effektiv pasientflyt
  • Bidra til utvikling av nye diagnostiske metodar og vidareutvikling av KI-verktøy og digitale løysingar
  • Tverrfagleg samarbeid med kliniske avdelingar for å optimalisere diagnostiske tenester
  • Delta i forskings- og innovasjonsarbeid innan radiologi
  • Overordna ansvar for utdanning og kompetanseutvikling i avdelinga
  • Representere avdelinga i relevante faglege og administrative forum
Vi ser etter ein fagleg sterk og engasjert leiar med følgjande kvalifikasjonar
  • Spesialist i radiologi med norsk autorisasjon
  • Erfaring med organisering av radiologiske tenester
  • Gode evner til strategisk tenking, samarbeid og kommunikasjon

Det er også ønskeleg at søkar har erfaring eller kjennskap til:

  • Leiing eller sterk interesse for leiarutvikling
  • Forskingsarbeid med gjennomført PhD
  • Kvalitetsforbetring og innovasjon
  • Ressursstyring, arbeidstidsplanlegging, økonomistyring og bruk av kunstig intelligens i radiologi

Vi oppmodar òg deg som ikkje har lang leiarerfaring, men som har stor motivasjon for leiarutvikling og engasjement for faget, til å søke.

Personlege eigenskapar
  • Evne til å motivere og utvikle medarbeidarar
  • Gode evner til strategisk tenking, kommunikasjon, samarbeid og økonomistyring
  • Høg gjennomføringsevne og strukturert arbeidsstil
  • Sterke samarbeidsevner og evne til å bygge relasjonar
  • Evne til å handtere endringsprosessar med tryggleik og profesjonalitet
Vi tilbyr
  • Ei sentral leiarrolle i ei av dei mest avanserte radiologiske avdelingane i landet
  • Moglegheit til å påvirke fagfeltet gjennom leiing, utvikling av drifta, innovasjon og forsking
  • Eit sterkt leiarteam og god administrativ støtte
  • Konkurransedyktige pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø prega av samarbeid og fagleg utvikling
  • Bli ein del av vårt sterke fagmiljø – vi ser fram til å høyre frå deg!

Vi oppfordrar alle søkarar til nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Ingfrid Helene Salvesen Haldorsen,Avdelingsdirektør,55 97 23 27, ingfrid.helene.salvesen.haldorsen@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021BERGEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5208538622
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.11.2026

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Consigue la evaluación confidencial y gratuita de tu currículum.

o arrastra y suelta tu archivo aquí

Similar jobs

Puestos de trabajo similares que vale la pena comparar

Leiar Høyresentralen
Leiar Høyresentralen

Klinikk for Hovud/hals, Helse Bergen HF • Bergen

Presencial
NOK 1.000.000 - 1.400.000
Klinisk ernæringsfysiolog
Klinisk ernæringsfysiolog

Medisinsk klinikk/ Seksjon for klinisk ernæring, Helse Bergen HF • Bergen

Presencial
NOK 700.000 - 900.000
Løn etter gjeldande overeinskomst
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Rådgivar
Rådgivar

Forskings- og utviklingsavdelinga (FoU), Helse Bergen HF • Bergen

Presencial
NOK 700.000 - 900.000
Løn etter avtale
Lege i spesialisering
Lege i spesialisering

Helse Bergen HF, Medisinsk klinikk • Bergen

Presencial
NOK 900.000 - 1.200.000
Pensjonsordninger
Forsikringsordninger
Overlege ved Øyane DPS
Overlege ved Øyane DPS

Øyane distriktspsykiatriske senter (DPS)/ allmennpsykiatriske poliklinikk, Helse Bergen HF • Straume

Presencial
NOK 1.200.000 - 1.800.000
Løn etter avtale
Lege i spesialisering i immunologi og transfusjonsmedisin
Lege i spesialisering i immunologi og transfusjonsmedisin

Laboratorieklinikken, Helse Bergen HF • Bergen

Presencial
NOK 900.000 - 1.100.000
Lønn i samsvar med gjeldande overeinsk
Fagleg utvikling
Triveleg arbeidsmiljø
+3
Ledig vikariat som LIS 2/3 i nukleærmedisin
Ledig vikariat som LIS 2/3 i nukleærmedisin

Helse Stavanger • Bergen

Presencial
NOK 700.000 - 900.000
Rådgivar i bedriftshelsetenesta, vikariat med moglegheit for forlenging
Rådgivar i bedriftshelsetenesta, vikariat med moglegheit for forlenging

Personal- og organisasjonsavdelinga, Helse Bergen HF • Bergen

Presencial
NOK 650.000 - 850.000
Lønn etter avtale
Fleksibel arbeidstid
Gode pensjons- og forsikringsordningar
+1
Assistentstilling ved Regional sikkerheitsavdeling
Assistentstilling ved Regional sikkerheitsavdeling

Helse Bergen HF, Divisjon psykisk helsevern • Bergen

Presencial
NOK 248.000 - 289.000
Seksjonsleiar Ambulansetenesta
Seksjonsleiar Ambulansetenesta

Helse Stavanger • Bergen

Presencial
NOK 900.000 - 1.200.000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Ubicaciones