Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Haukeland universitetssjukehus i Bergen søker ein rådgjevar til Senter for simulering og ferdigheitstrening (SSF). Du vil drifte og vidareutvikle kurskonsept og opplæring i NRR-rammeverket og støtte hovudinstruktørar og instruktørar.
Ein relevant helsefagleg utdanning og erfaring frå akuttmedisin er forventet. Du vil bidra til kompetanseutvikling, trygg pasientbehandling og tverrfagleg samarbeid i ei stor avdeling.
Vil du bidra til kvalitet, pasientsikkerheit og kompetanseutvikling i spesialisthelsetenesta?
Senter for simulering og ferdigheitstrening (SSF) ved Haukeland universitetssjukehus har ei sentral rolle i å styrke kompetanse, samhandling og pasientsikkerheit gjennom systematisk trening og simulering. Vi søker ein engasjert medarbeidar som ønsker å vere med på å drifte og vidareutvikle dette arbeidet.
SSF er ein del av Kompetanseutvikling i Forskings- og utviklingsavdelinga (FoU). Gjennom medisinsk simulering, undervisning og praktisk ferdigheitstrening legg vi til rette for at helsepersonell kan utvikle og vedlikehalde kompetansen som er nødvendig for å yte trygge helsetenester av god kvalitet.
Simulering blir nytta som pedagogisk metode for å styrkje både individuelle og teambaserte ferdigheiter, med mål om å betre pasientbehandling og redusere risiko for uønskte hendingar. I tillegg gjennomfører vi kurs og opplæring for eksterne samarbeidspartnarar, mellom anna innan offshoreverksemd.
Vi har no ledig ei fast 100 % stilling som rådgjevar. Vi søkjer deg som har relevant helsefagleg utdanning og erfaring frå arbeid i spesialisthelsetenesta.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.