Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Helse Bergen i Bergen søkjer ein kollega som likar å jobbe med varierande og spennande oppgåver innan nervestsystemet. Avdelinga består av 9 legar og 14 nevrofysiologi-teknikarar, og samarbeider med ingeniørar og sekretærar ved eit universitetssjukehus som utfører rundt 8000 undersøkingar årsvis.
Vi har førre ledig 100% fast stilling som nevrofysiologi-teknikar frå 01.02.2027 eller etter avtale. Arbeidsdagen er måndag–fredag, og avdelinga har beredskapsvakt for nevrofysiologi-teknikar heile året
Er du teknisk anlagd og liker å jobbe med pasientar? Vi søker etter ein kollega som liker å jobbe med varierande og spennande oppgåver innen nervestystemet.
Teamet består av 9 legar og 14 nevrofysiologi - teknikarar med ulik bakgrunn og utdanning og samarbeider med ingeniørar og sekretærar. Vår avdeling er del av eit universitetssjukehus med regionfunksjon, og utfører rundt 8000 undersøkingar årleg. Vi jobbar tett saman og har til hovudoppgåve å utføre ulike undersøkingar av pasientar sitt sentrale og perifere nervesystem. Vi har både polikliniske og inneliggande pasientar, alder varierer frå premature kuvøsebarn til eldre menneske og fra friske til kritisk sjuke pasientar. Vi har lokale i Gamle Hovedbygg, i Sentralblokken, og i Glasblokkene.
Opningstida vår er for tida frå måndag til fredag frå kl. 07.45 til 15.30. Avdelinga har også beredskapsvakt for nevrofysiologi-teknikar alle dagar i året for å yte nevroovervaking hjå pasientar med kritisk sjukdom.
Vi søker etter ein ny kollega og har ledig 100% fast stilling som nevrofysiologi - teknikar fra 01.02.2027 eller etter avtale.
Vi oppfordreralle søkarartil å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.