Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Indre Nordmøre politistasjonsdistrikt søker to faste politibetjent-stillingar i Tingvoll som involverer vakt, beredskap og etterforsking. Stillingsomtået legg til rette for rask fagleg utvikling gjennom tidleg ansvar og stor variasjon mellom fleire fagfelt.
Arbeidsplassen ligg i Tingvoll med kort kjøretid til Kristiansund og Molde, og området byr på god livskvalitet og høge friluftsmoglegheiter. Vi søker motiverte kandidatar med høg fagleg standard og god etisk integritet.
Vi har for tida ledig to faste stillingar som politibetjent 3/2/1 ved Indre Nordmøre politistasjonsdistrikt.
Vi søkjer deg som har høg motivasjon for å arbeide i kombinert stilling med vakt og beredskap, etterforsking og førebygging, og som vil vere med på å utvikle polititenesta i Indre Nordmøre politistasjonsdistrikt. Arbeidsstad er for tida Tingvoll politistasjon.
Vi kan tilby eit inkluderande og sterkt arbeidsfellesskap med spennande og varierte arbeidsoppgåver, der vakt og beredskap og etterforsking vil vere ein viktig del. I delar av døgnet er beredskapen dekt av beredskapsvakt med utrykking frå heimen. Stillinga legg til rette for rask fagleg utvikling gjennom tidleg ansvar og stor variasjon mellom fleire fagfelt.
I tillegg til ein utviklande jobbkvardag, byr Tingvoll og Indre Nordmøre særleg på variert og storslått natur med høve til god livskvalitet, toppturar og anna friluftsliv året rundt. Vi ligg plassert med ein kort kjøretur til både Kristiansund og Molde med flyplassar og rikt kulturliv.
Tingvoll er ein kommune der ein kan få sletta delar av studielån. Meir informasjon finn du her: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/ny-ordning-for-sletting-av-studielan-no-startar-oppteninga/id3080225/
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å møte utfordringar knytt til kriminalitetsnedkjemping. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, arbeidsmoral og etisk integritet.
Vidare søkjer vi etter medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken.Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
Det er også ønskjeleg med:
For å trivast og lukkast i stillinga, ser vi for oss at du har:
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her .
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her .
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc