Pleiemedarbeidar Vartdal helsetun, vikariat

Sara Vartdal Vinjevoll

Ørsta

On-site

NOK 420,000 - 540,000

Full time

3 days ago
Be an early applicant

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Forsikringsvilkår
Offentlig tjenestepensjon
KLP fordeler

Job summary

Ørsta kommune søker ein engasjert pleiearbeidar til Vartdal helsetun med vikariat frå 01.12.2026 til 31.03.2027, med moglegheit for forlenging. Stillinga krev at du bidrar til god livskvalitet for brukarane ved bufelleskapet og heimetenester.

Arbeidsstaden ligg i Vartdal, ca. 24 km frå Ørsta sentrum. Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø, varierte oppgåver og konkurransedyktige vilkår. Krav om politiattest ved tilsetting og nynorsk i skriftleg kommunikasjon.

Qualifications

  • Det er ikkje krav om formell utdanning, men erfaring frå liknande arbeid.
  • Prioritering av kandidat med formell kompetanse ved rekruttering.
  • Du må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar.
  • Sertifikat klasse B er nødvendig.
  • Det vert krav om politiattest ved tilsetting.
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne (nynorsk i skriftleg kommunikasjon).

Responsibilities

  • Utføre pleie og omsorgsoppgåver på fagleg og etisk vis, med vekt på kvalitet, tryggleik, ernæring og velferdsteknologi.
  • Fokus på førebygging og støtte opp under brukar sine eigne ressursar.
  • Utføre oppgåver i tråd med vedtak og gjeldande prosedyrer.
  • Dokumentasjon av observasjonar, målingar og pleie i samsvar med lov og forskrift.
  • Samhandle med brukar, pårørande og andre samarbeidspartnar.
  • Bidra til å skape gode og meiningsfulle dagar for brukarane våre.

Skills

Erfaring frå liknande arbeid
Digitale fagsystem og velferdsteknolog
Norsk munnleg og skriftleg framføring
Sertifikat klasse B
Politiattest ved tilsetting

Tools

Sertifikat klasse B
Politiattest krav

Job description

Ved Vartdal helsetun bufelleskap/heimetenester har vi ledig vikarstilling for pleiemedarbeidar for perioden d.d.- 31.03.2027 med moglegheit for forlenging av vikariatet.Vi søkjer etter ein engasjert og ansvarsfull medarbeidar som ynskjer å bidra til optimal livskvalitet for den enkelte bruker ved bufelleskapet og heimetenester.

Vartdal helsetun er lokalisert ca. 24 km frå Ørsta sentrum i retning Ålesund. Helsetunet har 28 plassar der sjukeheimsavdelinga har 9 plassar og bukollektivet har 19 plassar. Vi utfører heimebasert omsorg langs Vartdalstranda.

Arbeidsoppgåver
  • Utføre pleie og omsorgsoppgåver, på ein fagleg og etisk måte. Vi legg vekt på kvalitet, tryggleik, ernæring og velferdsteknologi
  • Fokus på forebygging og støtte opp under brukar sine eigne ressursar
  • Utføre oppgåver i tråd med vedtak og gjeldande prosedyrer
  • Dokumentasjon av observasjonar, målingar og pleie i henhold til lov og forskrift
  • Samhandle med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar
  • Bidra til å skape gode og meiningsfulle dagar for brukerane våre.

Justeringar og endringar innan for arbeidsgjevar sin styringsrett kan skje i samsvar med det som er kommunen sine behov til ei kvar tid.

Kvalifikasjonar
  • Det er ikkje krav om formell utdanning, men det er ønskeleg med erfaring frå liknande arbeid
  • Søkjarar som er motivert til å tilegne seg formell kompetanse, vil bli prioritert då stillingane kan fungere som rekrutteringsstillingar fram mot fagbrev
  • Du må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar
  • Du må ha sertifikat klasse B
  • Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetting
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
Personlege eigenskapar

Vi ynskjer at du:

  • er engasjert, løysingsorientert og søkjer ny kunnskap
  • trivast i eit aktivt og til tider travelt miljø, der du må kunne omstille deg raskt
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • må ha interesse og gjennomføringsevne når det gjeld å gi brukarane godt innhald i dagane
  • er fleksibel og har evne til å arbeide strukturert, både sjølvstendig og saman med andre
  • har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde.Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.

Vi tilbyr
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Gode forsikrings og pensjonsvilkår:
    Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkl. frivillig ulukkesforsikring på fritida.
    Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon . Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, eroffentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje.
    Som medlem i KLP får du i tillegg tilgong til ekstra gode vilkår på bank, forsikring og sparing.

Arbeidsvilkår:Dag/kveld inkl helgar

Stillinga er plassert i HTA kap. 4gr1.1. -stillingar utan særskilt krav til utdanning

Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement.

Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium forintern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett.jfAML §14.

Dokumentasjon
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar fra tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato fra-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.

Om offentleglova
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25.Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke fra den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Kontaktinformasjon

Sara Vartdal Vinjevoll,Avd.leiar Vartdal helsetun,900 35 366,sara.vartdal.vinjevoll@orsta.kommune.no

Arbeidsstad

6170Vartdal

Nøkkelinformasjon:
  • Arbeidsgivar: Ørsta kommune
  • Referansenr.: 5204783044
  • Stillingsprosent: 100%
  • Vikar
  • Startdato: 01.12.2026
  • Sluttdato: 31.03.2027
  • Søknadsfrist: 20.11.2026
Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Pleiemedarbeidar Vartdal helsetun, vikariat
Pleiemedarbeidar Vartdal helsetun, vikariat

DeepOcean • Vartdal

On-site
NOK 360,000 - 480,000
Godt arbeidsmiljø
Utfordrande og varierte arbeidsoppgåve
Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
Har du lyst å jobbe innan helse?
Har du lyst å jobbe innan helse?

Lisa Mari Korsfur Silseth • Ørsta

On-site
NOK 360,000 - 480,000
Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
Off. godkjent sjukepleiar med teamleiarfunksjon
Off. godkjent sjukepleiar med teamleiarfunksjon

DeepOcean • Vartdal

On-site
NOK 520,000 - 680,000
Pensjonsordning
Forsikringsordning
100% stilling
Pleiemedarbeidar Vartdal helsetun, vikariat
Pleiemedarbeidar Vartdal helsetun, vikariat

Ørsta kommune • Ørsta

On-site
NOK 350,000 - 420,000
Gode pensjonsordningar (KLP)
Ulykkesforsikring
Offentleg tenestepensjon
+1
Pleiemedarbeidar Vartdal helsetun, vikariat
Pleiemedarbeidar Vartdal helsetun, vikariat

Ørsta kommune • Vartdal

On-site
NOK 320,000 - 460,000
Offentlig tjenestepensjon
Forsikring
Tilkallingsvikar, Felleskjøkkenet Hjørundfjordheimen
Tilkallingsvikar, Felleskjøkkenet Hjørundfjordheimen

Silje Solhaug • Sæbø

On-site
NOK 320,000 - 420,000
Godt arbeidsmiljø
Varierte arbeidsoppgåver
Gode pensjonsvilkår
Legevikariat
Legevikariat

Kompetansekart • Ørsta

Remote
NOK 480,000 - 800,000
Legefellesskap
Fleksitidsordning
Pensjonsordning
Legevikariat
Legevikariat

DeepOcean • Ørsta

On-site
NOK 600,000 - 800,000
Pensjons- og forsikringsordning
Fleksibel arbeidstid (fleksitidsording
Godt legefellesskap
Legevikariat
Legevikariat

Twoja Norwegia • Ørsta

Remote
NOK 480,000 - 600,000
Legevikariat
Legevikariat

Runa Bakke • Ørsta

On-site
NOK 600,000 - 800,000
Gode pensjons- og forsikringsordning i
Fleksitidsordning
Spennande utfordringar og variert arbe
Top locations