Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Ørsta kommune søker lege i et 80% vikariat for perioden 01.01.2027–31.07.2027. Stillinga er fordelt 50% helsestasjon og 30% sjukeheim, med moglegheit for å søke på delar av stillinga og kombinere med andre vakter.
Arbeidet inneheld obligatoriske kontroller ved helsestasjon og HFU, samt tilsynslegeoppgåver ved sjukeheim. Det legges vekt på samarbeid i legefellesskapet og deltaking i faste møte.
Ein av våre legar har permisjon og det er difor ledig 80 % vikariat for periode 01.01.-31.07.2027.
Stillinga er delt mellom 50 % på helsestasjon og 30 % på sjukeheim. Dersom du ønsker å søke på berre delar av stillinga, kan det vere mogleg å søke på 50 % helsestasjon eller 30 % sjukeheim, og kombinere dette med t.d. legevakt. Stillinga har ikkje legevaktsplikt, men det kan vere mogleg å gå legevakt dersom du sjølv ønsker det
Du kan få tellande både sjukeheims- og helsestasjonspraksis i ALIS-løpet dersom det er aktuelt for deg, sidan vi har både helsestasjon og sjukeheim som læringssarena i vår generelle utdanningsplan for ALIS
Legetenesta i Ørsta består elles av15 fastlegar og to LIS1-stillingar som alle er lokaliserte ved Ørsta helsesenter, samt kommuneoverlege i 100 % stilling.
Du vil få høve til å delta på vekentlege møte på Ørsta helsesenter og slik vere ein del av legefellesskapet i Ørsta kommune.
Helsestasjon/skulehelseteneste:
Arbeidet vil i hovudsak vere obligatoriske legekontrollar i samsvar med helsestasjonsprogrammet. I tillegg deltek ein på helsestasjon for ungdom (HFU) og har ansvar for legedelen av førsteklassekonsultasjonane.
Legen samarbeidar både medhelsesjukepleiarane som har helsestasjon 0-5 år og dei som har skulehelseteneste.
Legen kan også ha enkelte konsultasjonar for barn som kjem som flyktningar. Det kan også verte aktuelt med oppfølging av flyktningar i samband med helseundersøkinga som dei får tilbod om.
Helsestasjonen har om lag 11 årsverk fordelt på 15 tilsette: avdelingsleiar, jordmor, kommunepsykolog, merkantil ressurs og helsesjukepleiarar.Fysioterapeut er knytt til helsestasjonen for barn 0-5 år i 20 % stilling.
Ørsta er BTI-kommune (betre tverrfagleg innsats) og vi er godt i gang med implementering av denne måten å jobbe systematisk og tverrfagleg rundt barn og familiar.
Helsestasjonen er lokalisert i same bygg som ergo, fysio, friskliv og Ørsta helsesenter(fastlegane).
Sjukeheim:
Kommunen har to sjukeheimslegestillingar. I tillegg til denne som er utlyst, er det 90 % stilling ved Ørstaheimen.
Arbeidstida er fordelt med ein fast dag i veka ved Hjørundfjordheimen på Sæbø og ein halv fast dag i veka ved Vartdal Helsetun på Vartdal.
Det kan vurderast ei anna fordeling av arbeidstida dersom dette er meir føremålstenleg.
Helsestasjon:
Sjukeheim:
Vi søker etter ein lege som
Camilla Nupen,avdelingsleiar,90075316,camilla.nupen@orsta.kommune.no
Runa Bakke,Tenesteleiar,91621147,runa.bakke@orsta.kommune.no
Håkonsgata 78
6150Ørsta