Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Ørsta kommune søkjer pleiemedarbeidar/assistent ved Vartdal helsetun med vikarstilling. Stillinga er 100% og gyldig frå 01.12.2026 til 31.03.2027, med moglegheit for forlenging.
Du vil arbeide med pleie og omsorg, dokumentere observasjonar og samhandle tett med brukarar, pårørande og tverrfaglege team. Det blir lagt vekt på faglege og etiske standardar, brukarmedverknad og evne til å arbeide i eit travelt miljø.
Søk på stillinga (i ny fane)
Ved Vartdal helsetun bufelleskap/heimetenester har vi ledig vikarstilling for pleiemedarbeidar for perioden d.d.- 31.03.2027 med moglegheit for forlenging av vikariatet. Vi søkjer etter ein engasjert og ansvarsfull medarbeidar som ynskjer å bidra til optimal livskvalitet for den enkelte bruker ved bufelleskapet og heimetenester.
Vartdal helsetun er lokalisert ca. 24 km frå Ørsta sentrum i retning Ålesund. Helsetunet har 28 plassar der sjukeheimsavdelinga har 9 plassar og bukollektivet har 19 plassar. Vi utfører heimebasert omsorg langs Vartdalstranda.
20.11.2026
Ørsta kommune
Vartdal
Pleiemedarbeidar/ assistent
1
Heiltid
Vikar
100
5204783044
01.12.2026
31.03.2027
Del på X Del på LinkedIn Del på Facebook Del på e-post
Justeringar og endringar innan for arbeidsgjevar sin styringsrett kan skje i samsvar med det som er kommunen sine behov til ei kvar tid.
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Dag/kveld inkl helgar
Stillinga er plassert i HTA kap. 4gr1.1. -stillingar utan særskilt krav til utdanning
Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement.
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf AML
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova
Adresse: Vartdal Helsetun, 6170 Vartdal, Norge
Sara Vartdal Vinjevoll
Avd.leiar Vartdal helsetun
Telefon: 900 35 366
E-post: sara.vartdal.vinjevoll@orsta.kommune.no
Ørsta kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Tillit - gjennom gjensidige respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.
Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement.