A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Kompetansekart i Ørsta søker ein lege i 80% vikariat for perioden 01.01.–31.07.2027. Stillinga deles mellom helsestasjon (50%) og sjukeheim (30%), med mogelegheit for å søke på delar og å kombinere med legevakt om ønskelig.
Du får erfaring frå ALIS-løpet, deltakar i faste møter og blir ein del av legefellesskapet i Ørsta kommune. Arbeidsoppgåvene omfattar helsestasjon, skulehelseteneste og tilsynslegeoppgåver ved sjukeheim med fokus på born og eldre, samt flyktningkonsultasjonar ved behov.
Ein av våre legar har permisjon og det er difor ledig 80 % vikariat for periode 01.01.-31.07.2027.
Stillinga er delt mellom 50 % på helsestasjon og 30 % på sjukeheim. Dersom du ønsker å søke på berre delar av stillinga, kan det vere mogleg å søke på 50 % helsestasjon eller 30 % sjukeheim, og kombinere dette med t.d. legevakt. Stillinga har ikkje legevaktsplikt, men det kan vere mogleg å gå legevakt dersom du sjølv ønsker det
Du kan få tellande både sjukeheims- og helsestasjonspraksis i ALIS-løpet dersom det er aktuelt for deg, sidan vi har både helsestasjon og sjukeheim som læringssarena i vår generelle utdanningsplan for ALIS
Legetenesta i Ørsta består elles av15 fastlegar og to LIS1-stillingar som alle er lokaliserte ved Ørsta helsesenter, samt kommuneoverlege i 100 % stilling. Du vil få høve til å delta på vekentlege møte på Ørsta helsesenter og slik vere ein del av legefellesskapet i Ørsta kommune.
Arbeidet vil i hovudsak vere obligatoriske legekontrollar i samsvar med helsestasjonsprogrammet. I tillegg deltek ein på helsestasjon for ungdom (HFU) og har ansvar for legedelen av førsteklassekonsultasjonane.
Legen samarbeidar både medhelsesjukepleiarane som har helsestasjon 0-5 år og dei som har skulehelseteneste.
Legen kan også ha enkelte konsultasjonar for barn som kjem som flyktningar. Det kan også verte aktuelt med oppfølging av flyktningar i samband med helseundersøkinga som dei får tilbod om.
Helsestasjonen har om lag 11 årsverk fordelt på 15 tilsette: avdelingsleiar, jordmor, kommunepsykolog, merkantil ressurs og helsesjukepleiarar. Fysioterapeut er knytt til helsestasjonen for barn 0-5 år i 20 % stilling.
Ørsta er BTI-kommune (betre tverrfagleg innsats) og vi er godt i gang med implementering av denne måten å jobbe systematisk og tverrfagleg rundt barn og familiar. Helsestasjonen er lokalisert i same bygg som ergo, fysio, friskliv og Ørsta helsesenter(fastlegane).
Kommunen har to sjukeheimslegestillingar. I tillegg til denne som er utlyst, er det 90 % stilling ved Ørstaheimen.
Arbeidstida er fordelt med ein fast dag i veka ved Hjørundfjordheimen på Sæbø og ein halv fast dag i veka ved Vartdal Helsetun på Vartdal. Det kan vurderast ei anna fordeling av arbeidstida dersom dette er meir føremålstenleg.
Vi søker etter ein lege som
Camilla Nupen,avdelingsleiar,90075316,camilla.nupen@orsta.kommune.no
Runa Bakke,Tenesteleiar,91621147,runa.bakke@orsta.kommune.no
Håkonsgata 78
6150Ørsta
Arbeidsgivar: Ørsta kommune
Referansenr.: 5204411880
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Søknadsfrist: 20.11.2026