Consigue una respuesta de este empleador
Tu currículum y tu carta de presentación, adaptados exactamente a lo que buscan contratar.
Granvin barnehage i Granvin søkjer ein trygg, engasjert og fagleg sterk pedagogisk leiar som kan sette retning vidare. Stillinga er 100 % fast, og ein får ansvar for leiing av ein avdeling i ein ny barnehage som opnar i august 2026.
Me tilbyr nybygg, konkurransedyktig lønn, fadderordning ved oppstart, fagleg utvikling og attraktivt tilbod som rekrutteringstillegg og årskort på ski.
Får du energi av barnelatter, gode relasjonar og dagar som aldri er heilt like? Er du typen som likar å vera ute i all slags vêr, kan syngja ein barnesong utan å blunka, og veit at noko av det beste som finst er å sjå eit barn meistra noko for aller fyrste gong? Ler du litt når du eigentleg skulle vore alvorleg, set pris på dei små og store augeblikka i kvardagen og ønskjer å vera den trygge vaksne som gjer ein forskjell?
Granvin barnehage har ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leiar.
I august 2026 flytta me inn i ein heilt ny og moderne barnehage i Granvin. No ser me etter ein trygg, engasjert og fagleg sterk pedagogisk leiar som vil vera med og setja retning vidare.
Hjå oss får du ikkje berre ansvar for ei avdeling. Du får høve til å påverka, utvikla og vera med og byggja kulturen i ein ny barnehage.
Me ønskjer ein barnehage der borna møter varme og tilgjengelege vaksne, får mykje tid til leik og opplever vennskap, meistring og glede. Naturen og nærmiljøet er ein viktig del av kvardagen vår, både inne og ute.
Me ser etter deg som er varm, trygg og tydeleg, tek ansvar og får andre med deg. Du har eit positivt barnesyn, er ein god lagspelar og trivst både inne og ute.
Engasjement og personlege eigenskapar veg tungt.
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar. Her ligg det ledige stillingar i regionen.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Om du har gullmedalje frå OL eller helst ser sport på TV, er du ein av oss. Om du diggar smalahove eller er vegetarianar, er du ein av oss. Om du hoppar i fallskjerm eller går tur på flatmark, er du ein av oss.
Vossingane er stolte av bygda, maten, kulturen og alt me har rundt oss. Vil du verta ein av oss, skal me ta godt vare på deg. Her får du lov til å lukkast.
Me garanterer at du finn noko å driva med når du har fri òg, og treng du andre impulsar, er vegen kort til både Bergen og fjorden.
No kan du verta ein del av laget. Me treng deg