Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Klausabakken barnehage i Voss kommune søkjer pedagogisk leiar som kan leia og utvikla det pedagogiske arbeidet, og skape eit trygt, leikande og læringsvenleg miljø for 3–5 åringar. Du blir den tryggaste vaksne i barnegruppa.
Du leiar og inspirerer medarbeidarar, bidrar til godt samarbeid med foreldre og lokalsamfunnet, og arbeidet skal framheve mangfald og inkludering i dagleg praksis. Tiltreding etter avtale, eller så snart som mogeleg.
Får du energi av barnelatter, gode relasjonar og dagar som aldri er heilt like?
Er du typen som likar å vera ute i all slags ver, kan syngja ein barnesong utan å blunka, og veit at den beste kjensla er å sjå barn meistra noko for aller fyrste gong?
Ler du (litt) når du eigentleg skulle vore alvorleg, elskar at jobben gjev deg hundrevis av magiske augeblikk, og er den trygge vaksne som gjer ein forskjell kvar dag?
Me har ledig vikariat 100%, som pedagogisk leiar. Tilsetting etter avtale , eller så snart som mogeleg.
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar . Her ligg det ledige stillingar i regionen.
Me ser etter deg som er varm, trygg og tydeleg, tek ansvar og får andre med deg. Du har eit positivt barnesyn, er ein god lagspelar og trivst både inne og ute.
Engasjement og personlege eigenskapar veg tungt.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar.I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.