Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Me har ei ledig 100 % fast stilling som kontaktperson ved Voss barnevernsteneste. Stillinga krev ei fagleg bakgrunn innan barnevern og evne til å byggje relasjonar med familiar og barn.
Arbeidsstaden er lokalisert i Voss og krev saksbehandling, tilsynsarbeid og nettverksbygging med andre tenester. God skriftleg og munnleg norsk er nødvendig, og det er krav om fleksibilitet for ettermiddag og kveld.
Me har ei ledig 100 % fast stilling som kontaktperson ved Voss barnevernteneste.
Me som arbeider i barneverntenesta har sett som mål at me skal arbeide saman med barn og unge ved å visa
Barneverntenesta er pr. i dag organisert i 2 team: 1. undersøking/tiltak og 2. omsorg og ettervern.Stillinga kan vere aktuell på begge team, men høvesvis på undersøking og oppfølging av hjelpetiltak
Barneverntenesta er samlokalisert med andre helse- og sosiale tenester i bygget Knutepunktet. Barneverntenesta er organisert under barne- og familietenestene i etat for oppvekst. Tenesta har eit tett og konstruktivt samarbeid med andre instansar og avdelingar i heradet.
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar . Her ligg det ledige stillingar i regionen.
Godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i stillinga.
Hugs å gje opp referansar
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.