Me søkjer etter deg som viser kjærleik til kunsten og faget, og vil utforska i lag med elevane våre!
- Kvam kulturskule ynskjer å vera eit kulturelt kraftsenter med eleven i sentrum.
- Me ynskjer ein fagleg og pedagogisk dyktig lærar som er interessert iå driva vidare kulturarven og handverket, samt vera open og nyskapande. Me ynskjer at elevane våre skal få læra, oppleva, skapa og formidla kunst og kulturgjennom eigen aktivitet og i fellesskapmed andre.
- Undervisa i visuelle kunstfag, primært for barn og ungdom i ulike bygder i kommunen.
Kvalifikasjonar
- Kunstfagleg utdanning på høgskule-/universitetsnivå innan skapande kunstfag.
- Søkjarar som ikkje tilfredstiller desse krava, kan tilsetjast dersom tilsvarande realkompetanse eller relevant utdanning kan dokumenterast.
- Erfaring frå undervisning / pedagogisk arbeid
- Gode utøvande ferdigheiter innan visuelle kunstfag
- Grunnleggjande IT-kunnskapar, og evne og interesse for å tilegna seg kunnskap innan ny teknologi
Personlege eigenskapar
- Du er ein trygg lærar som gjev opplæring av høg fagleg og pedagogisk kvalitet
- Du er serviceinnstilt og engasjert,fleksibel, raus og inkluderande
- Gode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver
- Gode pensjons-/og forsikringsordningar
- I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.
- Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

- Kvam kulturskule har om lag 400 elevar og 20 lærarar og underviser i alle skulekrinsane i heradet.
- Me tek utgangspunkt i det som bur i kvar enkelt elev og skapar trygge rammer.
- Kvam kulturskule ynskjer å vera eit kulturelt kraftsenter med eleven i sentrum.
- Me ynskjer ein fagleg og pedagogisk dyktig lærar som er interessert iå driva vidare kulturarven og handverket, samt vera open og nyskapande. Me ynskjer at elevane våre skal få læra, oppleva, skapa og formidla kunst og kulturgjennom eigen aktivitet og i fellesskapmed andre.
Sjå her for meir informasjon om oss: https://www.kvam.no/tenester/kultur-idrett-og-fritid/kvam-kulturskule/
Arbeidsoppgåver
- Undervisa i visuelle kunstfag, primært for barn og ungdom i ulike bygder i kommunen.
- Arbeid med elevgrupper
Kvalifikasjonar
- Kunstfagleg utdanning på høgskule-/universitetsnivå innan skapande kunstfag.
- Søkjarar som ikkje tilfredstiller desse krava, kan tilsetjast dersom tilsvarande realkompetanse eller relevant utdanning kan dokumenterast.
- Erfaring frå undervisning / pedagogisk arbeid
- Gode utøvande ferdigheiter innan visuelle kunstfag
- Grunnleggjande IT-kunnskapar, og evne og interesse for å tilegna seg kunnskap innan ny teknologi
- Førarkort og tilgang til bil
Personlege eigenskapar
- Du er ein trygg lærar som gjev opplæring av høg fagleg og pedagogisk kvalitet
- Du er serviceinnstilt og engasjert,fleksibel, raus og inkluderande
- Du er venleg og har respekt for andre, viser kjærleik til kunsten og faget, og utforskar gjerne i lag med elevane våre
- Du er samarbeidsvillig og bidreg positivt inn i kollegiet
Vi tilbyr
- Gode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Generell informasjon:
- I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.
- Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Kontaktinformasjon
Anne Cathrine Eiken,Kulturskulerektor,+47 975 16 771
Arbeidsstad
Grovagjelet
5600Norheimsund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam herad
Referansenr.: 5204385432
Stillingsprosent: 30%
Vikar
Startdato: 01.01.2027
Sluttdato: 31.12.2027
Søknadsfrist: 17.11.2026
Oppdag Kvam - framtida er her!Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur fra Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.
Naturopplevingar og aktivitetarVed fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.
Ein kommune for framtidaMe har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Kvam vidaregåande skule og kulturhus opna i januar 2026 og ligg i Norheimsund sentrum. Skulen har fagtilbod innan yrkesfag og studiespesialiserande linjer. I same byggg finn du vaksenopplæringa, Kvam kino, folkebibliotek og skulebibliotek.