Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Kvam herad i Norheimsund barnehage søkjer deg med helsefagleg bakgrunn som vil jobba som tilretteleggingsressurs for eit barn i barnehagen. Stillinga er ledig frå snarast og tom. juli 2027, med oppstart etter avtale.
Ei tilretteleggingsressurs skal vere ei støtte, sikre eit individuelt tilrettelagt barnehagetilbod og delta i avdelingsarbeid. Det blir gjeve opplæring ved oppstart. Vere ein trygg vaksen og følgje opp rettleiing for barnet.
Me søkjer deg med helsefagleg bakgrunn som vil jobba i barnehage.
Norheimsund barnehage har ledig stilling som tilretteleggingsressurs for eit barn som går i barnehage. Dette er ein jobb for deg som søkjer nye utfordringar og oppgåver i nytt miljø. Stillinga er ledig frå snarast og tom. juli 2027, oppstart etter avtale.
Ein tilretteleggingsressurs skal vera ei støtte for barnet i barnehagen. Barnet skal ta del i heile barnehagedagen og tilretteleggingsressursen skal sikra eit eigna og individuelt tilrettelagt barnehagetilbod. Det blir gjeve opplæring ved oppstart.
Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Barnehagelova. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. Tilsetjing føreset at gyldig attest vert lagd fram før tiltreding. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Oppdag Kvam - framtida er her! Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.
Naturopplevingar og aktivitetar Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.
Ein kommune for framtida Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Kvam vidaregåande skule og kulturhus opna i januar 2026 og ligg i Norheimsund sentrum. Skulen har fagtilbod innan yrkesfag og studiespesialiserande linjer. I same bygg finn du vaksenopplæringa, Kvam kino, folkebibliotek og skulebibliotek.