Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Kvam kulturskule søker lærar i visuelle kunstfag som kan undervisa elevar i ulike aldersgrupper i kommunen. Me legg vekt på fagleg og pedagogisk dyktig tilnærming og evne til samarbeid med kollegaer.
Du må ha kunstfagleg utdanning, dokumentert undervisningserfaring og interesse for å vidareutvikla kulturarven gjennom elevaktivitet og samarbeid i fellesskap.
Me søkjer etter deg som viser kjærleik til kunsten og faget, og vil utforska i lag med elevane våre!
Oppdag Kvam - framtida er her! Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.
Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.
Ein kommune for framtida
Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Kvam vidaregåande skule og kulturhus opna i januar 2026 og ligg i Norheimsund sentrum. Skulen har fagtilbod innan yrkesfag og studiespesialiserande linjer. I samme bygg finn du vaksenopplæringa, Kvam kino, folkebibliotek og skulebibliotek.