Receba uma resposta desta empresa empregadora
Seu currículo e carta de apresentação personalizados exatamente para o que estão contratando.
Kvam herad søker ein trygg og engasjert fagarbeidar til 80% stilling ved Norheimsund barnehage. Du skal bidra i dagleg barnehagekvardag, samarbeide med pedagogisk leiar og barnehagelærar, og skape trygge, gode relasjonar med barn og foreldre.
Du bør ha relevant utdanning som barne- og ungdomsarbeidar, gode norskkunnskapar og evne til å tilretteleggje for leik og læring. Politattest krevjast ved tilsetjing, og tilsetjing skjer på vanlege kommunale vilkår.
Er du ein trygg og engasjert person som vil jobba i barnehage?
Norheimsund barnehage har ledig 80% fagarbeidar stilling frå snarleg.
Me søkjer etter deg som likar å laga gode kvardagar saman med små barn, er god på relasjonar og som er glad i å gje barn gylne augneblink.
Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest uten merknader, etter Barnehagelova. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. Tilsetjing føreset at gyldig attest vert lagd fram før tiltreding. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.
Oppdag Kvam - framtida er her! Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.
Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.
Ein kommune for framtida
Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Kvam vidaregåande skule og kulturhus opna i januar 2026 og ligg i Norheimsund sentrum. Skulen har fagtilbod innan yrkesfag og studiespesialiserande linjer. I same bygg finn du vaksenopplæringa, Kvam kino, folkebibliotek og skulebibliotek.