Psykologspesialist, Seksjon for akutte tenester

Gunnhild Karlsen Stien

Bergen

On-site

NOK 750,000 - 930,000

Full time

14 days+
Application generator

A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Forskningsmuligheter
Gode pensjonsordningar
Fleksibel arbeidstid

Job summary

Kronstad distriktspsykiatriske senter (DPS) ved Kronstad DPS i Bergen søker psykologspesialist i 100% fast stilling ved Seksjon for akutte tenester. Arbeidet innebærer akuttvurderingar, korte behandlingsløp og tett samarbeid med tverrfaglige team.

Du blir del av eit kompetent miljø med psykiatriske sakkyndige, psykologspesialistar og andre fagfolk. Løysingane fokuserer på rask, fagleg forsvarleg hjelp, meistring og førebygging av unødige innleggingar.

Qualifications

  • Norsk autorisasjon som psykologspesialist.
  • Brei klinisk erfaring frå psykisk helsevern for vaksne.
  • Erfaring frå allmennpsykiatri og/eller akuttpsykiatri er ønskjeleg.
  • Erfaring med diagnostiske vurderingar, krisehandtering og korttidsbehandling vil vere ein fordel.
  • Interesse for utvikling av akutte tenester og forbetringsarbeid.
  • Erfaring frå tverrfagleg samarbeid og teamarbeid.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Responsibilities

  • Delta aktivt i den faglege og organisatoriske vidareutviklinga av Seksjon for akutte tenester i tråd med gjeldande føringar og lokale målsetjingar
  • Gjennomføre akuttpsykiatriske vurderingar, diagnostiske avklaringar og kriseintervensjonar, og bidra til vurdering av vidare behandlingsbehov og oppfølging
  • Ha ansvar for vurdering, behandling og oppfølging av pasientar som blir tilviste til akuttime ved DPS-et
  • Følgje opp pasientar i avgrensa behandlingsforløp med mål om stabilisering, meistring og avklaring av vidare behandlingsbehov
  • Samarbeide tett med poliklinikkar, døgnseksjonar og andre relevante samarbeidspartnarar internt og eksternt for å sikre gode pasientforløp
  • Bidra med psykologfagleg kompetanse i tverrfaglege drøftingar, behandlingsplanlegging og fagutvikling

Skills

Gode norskkunnskapar (munnleg og skift

Education

Norsk autorisasjon som psykologspesialist
Brei klinisk erfaring frå psykisk helsevern for vaksne

Job description

Trivst du når ingen dagar er heilt like? Likar du å kombinere klinisk spisskompetanse med raske vurderinger, korte behandlingsforløp og tett tverrfagleg samarbeid? Då kan dette vere stillinga for deg.

Kronstad distriktspsykiatriske senter (DPS) søkjer psykologspesialist i 100% fast stilling ved Seksjon for akutte tenester. Vi held til i moderne lokale på Danmarksplass og har ansvar for innbyggjarane i Bergenhus, Årstad og Ytrebygda.

Seksjon for akutte tenester er ein sentral del av akuttberedskapen ved Kronstad DPS. Seksjonen er bemanna med psykiater, psykologspesialistar, psykologar, sosionom og psykiatrisk sjukepleiar/seksjonsleiar, og arbeider tett saman for å gi rask og fagleg forsvarleg hjelp til pasientar i akutte psykiske kriser.

Vi har ansvar for akuttvurderingar og vurderingar med kort frist, og tilbyr også avgrensa behandlingsforløp etter den akutte fasen. Målet er å gi god og målretta behandling tidleg, bidra til meistring og stabilisering, og når det er mogleg førebyggje unødige innleggingar i døgnavdeling.

Seksjonen tek imot tilvisingar frå legevakt, fastlegar, somatiske sjukehus, poliklinikkar og private spesialistar. Som psykologspesialist hos oss vil du få arbeide med eit breitt spekter av kliniske problemstillingar, frå akutte kriser og alvorlege psykiske lidingar til diagnostiske avklaringar og korte, intensive behandlingsforløp.

Vi legg stor vekt på fagleg utvikling og samarbeid. Seksjonen har faste møte for faglege drøftingar, eigen spesialistrettleiing, regelmessig undervisning og deltaking i fagutviklingsarbeid ved Kronstad DPS. For interesserte medarbeidarar finst det også moglegheiter for forsking og utviklingsarbeid.

Arbeidsoppgåver
  • Delta aktivt i den faglege og organisatoriske vidareutviklinga av Seksjon for akutte tenester i tråd med gjeldande føringar og lokale målsetjingar
  • Gjennomføre akuttpsykiatriske vurderingar, diagnostiske avklaringar og kriseintervensjonar, og bidra til vurdering av vidare behandlingsbehov og oppfølging
  • Ha ansvar for vurdering, behandling og oppfølging av pasientar som blir tilviste til akuttime ved DPS-et
  • Følgje opp pasientar i avgrensa behandlingsforløp med mål om stabilisering, meistring og avklaring av vidare behandlingsbehov
  • Samarbeide tett med poliklinikkar, døgnseksjonar og andre relevante samarbeidspartnarar internt og eksternt for å sikre gode pasientforløp
  • Bidra med psykologfagleg kompetanse i tverrfaglege drøftingar, behandlingsplanlegging og fagutvikling
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som psykologspesialist
  • Brei klinisk erfaring frå psykisk helsevern for vaksne
  • Erfaring frå allmennpsykiatri og/eller akuttpsykiatri er ønskjeleg
  • Erfaring med diagnostiske vurderingar, krisehandtering og korttidsbehandling vil vere ein fordel
  • Interesse for utvikling av akutte tenester og forbetringsarbeid
  • Erfaring frå tverrfagleg samarbeid og teamarbeid
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
  • Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og trivst med å arbeide tett saman med andre faggrupper
  • Du er sjølvstendig, fleksibel og trygg i kliniske vurderingar
  • Du trivst med ein variert arbeidskvardag og kan handtere både planlagde og uventa oppgåver
  • Du arbeider strukturert og målretta, også i periodar med høgt arbeidstempo
  • Du er utviklingsorientert og ønskjer å bidra til vidareutvikling av teamet og tenestene våre
  • Du bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø gjennom engasjement, openheit og støtte til kollegaer

Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr
  • Ei spennande spesialiststilling med stor variasjon i arbeidsoppgåver og kliniske problemstillingar
  • Høve til å påverke vidare utvikling av Seksjon for akutte tenester og tenestetilbodet ved Kronstad DPS
  • Eit sterkt fagleg fellesskap med høg kompetanse, engasjerte kollegaer og gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Moglegheit for forsking og utviklingsarbeid
  • Lønn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Gunnhild Karlsen Stien, Seksjonsleiar, 91375045

Arbeidsstad

Ibsens gate 7

5053 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5170933230

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 04.10.2026

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Psykologspesialist, Seksjon for akutte tenester
Psykologspesialist, Seksjon for akutte tenester

Arbeidsplassen • Bergen

On-site
NOK 900,000 - 1,100,000
Psykologspesialist, Seksjon for akutte tenester
Psykologspesialist, Seksjon for akutte tenester

Helse Stavanger • Bergen

Hybrid
NOK 750,000 - 950,000
Gode pensjonsordningar
Forsking og utviklingsarbeid
Lønn etter avtale
Ledig stilling som Psykologspesialist/ Psykolog på sengepost Stavanger DPS
Ledig stilling som Psykologspesialist/ Psykolog på sengepost Stavanger DPS

Anne Christin Halstensen • Stavanger

On-site
NOK 750,000 - 900,000
Pensjons- og forsikringsordninger
Velferdsordninger
Overenskomstlønn
Psykologspesialist – Akuttpsykiatri & Krisebehandling
Psykologspesialist – Akuttpsykiatri & Krisebehandling

Arbeidsplassen • Bergen

On-site
NOK 900,000 - 1,100,000
Psykologspesialist
Psykologspesialist

Terje Torgersen • Orkanger

On-site
NOK 650,000 - 800,000
Offentlig pensjonsordning og forsikr링
Psykologspesialist – Akuttpsykiatri og Tverrfaglig
Psykologspesialist – Akuttpsykiatri og Tverrfaglig

Helse Stavanger • Bergen

Hybrid
NOK 750,000 - 950,000
Gode pensjonsordningar
Forsking og utviklingsarbeid
Lønn etter avtale
Spesialsjukepleiar eller spesialvernepleiar
Spesialsjukepleiar eller spesialvernepleiar

Urd Hege Loftesnes • Bergen

On-site
NOK 600,000 - 720,000
Triveleg arbeidsmiljø
Fagleg utvikling
Personleg utvikling
Psykolog /Psykologspesialist
Psykolog /Psykologspesialist

Ellen Wangsfjord • Bodø

On-site
NOK 650,000 - 900,000
Pensjonsordning
Forsikringsordning
Psykologspesialist – Akuttpsykiatri i Bergen
Psykologspesialist – Akuttpsykiatri i Bergen

Gunnhild Karlsen Stien • Bergen

On-site
NOK 750,000 - 930,000
Forskningsmuligheter
Gode pensjonsordningar
Fleksibel arbeidstid
Salten DPS søker psykolog /psykologspesialist
Salten DPS søker psykolog /psykologspesialist

Gro Grøvnes Solheim • Bodø

On-site
NOK 750,000 - 950,000