Psykolog

Hnt

Molde

On-site

NOK 700,000 - 900,000

Full time

9 days ago

Get more replies from employers

Send a job-specific resume in minutes.

Job summary

Helse Møre og Romsdal søker psykolog med lisens til å behandle barn og unge i Molde. Stillingen involverer utredning, behandling og tverrfaglig samarbeid i et levende fagmiljø.

Vi tilbyr regelmessig fagutvikling, kurs og muligheter for spesialisering, med fokus på innovasjon og oppfølging av barn og unges helse.

Qualifications

  • Psykologar med lisens er også velkommen til å søke på stillinga
  • Ønskje om erfaring frå psykisk helsevern for barn og unge

Responsibilities

  • Utgreiing og behandling av pasientar i alderen 6-18 år
  • Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning og teamarbeid
  • Delta i fagleg utviklingsarbeid og planlegging

Skills

Psykolog
Tverrfagleg samarbeid
Stor arbeidskapasitet

Education

Lisensiert psykolog
Erfaring frå psykisk helsevern for barn og unge

Job description

Ein jobb som behandlar i BUP gir deg kvar einaste dag høve til å gjere ein meiningsfull skilnad. Vi legg til rette for di faglege utvikling og tilbyr kurs, og høve for spesialisering. Vi oppmodar til innovative tilnærmingar for å betre tenestene våre, og arbeider aktivt med nye behandlingsmetodar og oppgåvegliding.

I Psykisk helsevern for barn og unge i Møre og Romsdal har vi eit levande forskingsmiljø, og fleire pågåande innovasjonsprosjekt. Mellom anna vert det arbeidd med utprøving av ny behandlingsmetodikk for ungdom med personlegdomsproblematikk.Vi har eit breit samansett og spennande fagmiljø, som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge, og familiane deira. Poliklinikken er organisert i tverrfaglege geografiske team og vi har i tillegg eige småbarnsteam, akutt/ambulant team og spesialiserte behandlingsteam som til dømes FBT, TF-CBT og OCD. Vi har også etablert eit nevroteam med eigen adhd-sjukepleiar.

Vi legg vekt på god kontakt og tett samarbeid med førstelinetenesta, noko som betyr at rettleiingsoppgåver til våre samarbeidspartar er ei forventa arbeidsoppgåve. Satsinga Barn og unges helseteneste er eit samarbeidsprosjekt mellom Helse Møre og Romsdal og alle kommunane i fylket, der det vert utarbeida samhandlingsforløp for dei sju vanlegaste psykiske helseplagene hjå barn og unge.

Dersom du synest dette høyrast spennande ut, og du tenkjer du har relevant kompetanse, så ønskjer vi å kome i kontakt med deg!

  • Utgreiing og behandling av pasientar i alderen 6-18 år
  • Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning og teamarbeid
  • Delta i fagleg utviklingsarbeid og planlegging
Kvalifikasjonar
  • Psykologar med lisens er også velkommen til å søke på stillinga
  • Ønskje om erfaring frå psykisk helsevern for barn og unge
Personlege eigenskapar
  • Du har stor arbeidskapasitet, og struktur på eigen arbeidskvardag
  • Du har evne til å arbeide systematisk og målretta
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og flere spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Get your free, confidential resume review.
or drag and drop your file here.
Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Psykolog
Psykolog

Kristin Silseth • Molde

On-site
NOK 700,000 - 900,000
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Inkluderande arbeidsplass
Løn etter overeinskomstar
Overlege psykiatri
Overlege psykiatri

Central Norway Regional Health Authority • Molde

On-site
NOK 900,000 - 1,200,000
Tverrfaglig samarbeid
Inkluderende arbeidsplass
Offentlig pensjonsordning
+1
Psykiater
Psykiater

Hnt • Hjelset

On-site
NOK 1,200,000 - 1,600,000
Overlege innan psykiatri
Overlege innan psykiatri

Hnt • Hjelset

On-site
NOK 1,400,000 - 2,100,000
Psykolog
Psykolog

Hnt • Ålesund

On-site
NOK 650,000 - 900,000
Overlege psykiatri
Overlege psykiatri

Hnt • Hjelset

On-site
NOK 600,000 - 800,000
Sjukepleiar/ vernepleiar med vidareutdanning
Sjukepleiar/ vernepleiar med vidareutdanning

Hnt • Molde

Hybrid
NOK 550,000 - 650,000
Psykolog
Psykolog

Arbeidsplassen • Molde

On-site
NOK 700,000 - 900,000
Inkluderande arbeidsplass
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Lege i spesialisering innan barne- og ungdomspsykiatri
Lege i spesialisering innan barne- og ungdomspsykiatri

Hnt • Ålesund

On-site
NOK 800,000 - 1,100,000
Psykologspesialist/Psykolog
Psykologspesialist/Psykolog

Hnt • Ålesund

On-site
NOK 650,000 - 750,000
Rabattavtaler på treningssenter og sp/
Deltaking i løpe- og innebandygruppe