Erhalte eine Antwort von diesem Arbeitgeber
Dein Lebenslauf und dein Anschreiben, genau auf das zugeschnitten, was gesucht wird.
Helse Førde i Førde søkjer ein erfaren onkolog. Kreftavdelinga ved Førde sentralsjukehus har ledig 100% vikariat som overlege innan onkologi, og det er mogleg å få fast tilsetting etter vikariatet.
Avdelinga er eit ungt, utviklingsorientert fagmiljø som samarbeider om medisinsk onkologisk behandling, kliniske studiar og trygge pasientforløp. Arbeidsoppgåva inkluderer sjukehusbasert behandling, rettleiing og tilsyn.
Arbeidsgiver: Helse Førde
Onkolog i Førde - bli del at eit fagmiljø i vekst ogutvikling.
Kreftavdelinga ved Førde sentralsjukehus har ledig100% vikariat som overlege innan onkologi. Det er mogleg å få fast tilsetting etter endt vikariat.
Kreftbehandlinga er i rask utvikling, og vi ønskjer å vere med i denne utviklinga ved å auke ressursane våre innanfor onkologi. Vi er eit ungt og utviklingsorientert fagmiljø med engasjerte legar, sjukepleiarar og sekretærar. Vi har sterkt fokus på samarbeid, trygge og gode pasientforløp.
Avdelinga er organisert under Medisinsk klinikk og består av sengepost med 10 senger innan onkologi, hematologi og palliasjon, i tillegg til poliklinisk verksemd. Avdelinga har ansvar for store deler av medikamentelt retta behandling til den vaksne befolkinga i Sogn og Fjordane med ca 110 000 innbyggjarar.
Vi har idag åtte overlegestillingar fordelt på tre onkologar, fire hematologar og ein overlege innan palliasjon, samt fem legar i spesialisering. Stillinga inngår i ei 6-delt vaktordning: kl 16:00 - 19:00 på kvardagar, og kl 09:00 - 14:00 på helg- og høgtidsdagar.
Kreftavdelinga i Helse Førde har eit sterkt forskingsmiljø med mange moglegheiter for tilsette. Avdelinga deltek i fleire nasjonale og internasjonale kliniske studiar, og har også eigne studiar som blir leia av overlegar og forskarar i avdelinga. Fokuset i studia ligg i stor grad på å forbetre tilpassa/personsentrert behandling. Det er mogleg å delta i forskingsprosjekt og flere overlegar og sjukepleiarar har doktorgrad eller tek doktorgrad ved sida av klinisk arbeid.
Frå 2028 skal Helse Førde også få medisinstudentar som ein del av "Vestlandslegen". Det vil då vere mogleg å bidra i undervisning eller opplæring.
Vi oppfordrer alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning fra utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Knut Erik Folland,Avdelingssjef,(+47) 918 82 662
Svanehaugvegen 2
6812Førde
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5207626900
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.02.2027
Sluttdato: 31.01.2028
Søknadsfrist: 24.11.2026