Overlege i psykiatri

Psykosepoliklinikken Haugaland DPS

Haugesund

On-site

NOK 1,200,000 - 1,500,000

Full time

5 days ago
Be an early applicant

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Lønnsavtale i samsvar med overeinskoms
Pensjonsordning
Yrkesskadeforsikring
Gruppelivsforsikring
Tjenestereiseforsikring

Job summary

Psykosepoliklinikken Haugaland DPS søker ein engasjert overlege i psykiatri som vil vere ein del av eit fagmiljø i utvikling. Stillinga inneber utgreiing, diagnostisering og behandling, med tverrfagleg samarbeid og høg fagleg standard.

Du vil arbeide i eit regionalt miljø med oppfølging av pasientar gjennom heile sjukdomsforløpet, og du vert ein viktig del av eit ledende team som legg vekt på pasientbehandling, utvikling og kvalitet.

Qualifications

  • Norsk autorisasjon som lege.
  • Godkjent spesialisering i psykiatri.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Responsibilities

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar.
  • Tverrfagleg klinisk arbeid i team.
  • Rettleiing og internundervisning.
  • Moglegheit for deltaking i felles bakvaktsordning med Haugesund sjukehus.
  • Deltaking i samhandling med pårørande, kommunehelsetenesta og andre samarbeidspartar.

Skills

Norsk autorisasjon
Spesialisering i psykiatri
Norskkunnskap (muntlig/skriftlig)

Job description

  • Norsk autorisasjon.

Vi ser etter deg som:

  • Sterkt fagleg fellesskap med godt arbeidsmiljø.
Overlege i psykiatri – Psykosepoliklinikken ved Haugaland DPS

Psykosepoliklinikken ved Haugaland DPS (HDPS) søkjer etter ein engasjert overlege i psykiatri som ønskjer å bli ein del av eit spennande fagmiljø i utvikling.

Her blir du ein viktig del av eit tverrfagleg miljø med høg fagleg kompetanse, tett samarbeid og gode moglegheiter for fagleg utvikling. Vi ønskjer oss ein kollega som er oppteken av god pasientbehandling, og som vil bidra til å vidareutvikle behandlingstilbodet vårt.

Psykosepoliklinikken følgjer pasientar gjennom heile sjukdomsforløpet, frå tidleg oppdaging og utgreiing av psykose til behandling og langvarig oppfølging av pasientar med alvorlege og samansette psykoselidingar. Vi har òg ansvar for oppfølging av pasientar underlagt tvunge psykisk helsevern utan døgnopphald (TUD) i opptaksområdet vårt.

Som overlege vil du få ei sentral rolle i både utgreiing og behandling. Du vil delta i det etablerte utgreiingsteamet vårt, som i hovudsak består av legar og psykologar. Teamet arbeider med brei differensialdiagnostikk og samansette kliniske problemstillingar, med vekt på ein tydeleg samanheng mellom utgreiing, diagnose og behandlingsplanlegging.

Stillinga gir høve til å kombinere avansert differensialdiagnostisk arbeid med sjølvstendig klinisk behandling og oppfølging av pasientar over tid. Vi legg stor vekt på fagleg samarbeid, og det vil bli gitt rettleiing og lagt til rette for regelmessige faglege drøftingar og kollegial støtte.

Behandlingstilbodet ved poliklinikken omfattar medikamentell behandling, psykoterapi, familiearbeid, IMR-grupper (Illness Management and Recovery), musikkterapi og livsmeistringsgrupper. Vi samarbeider òg med NAV om individuell jobbstøtte (IPS) som ein integrert del av behandlinga.

Haugaland DPS har to sengepostar, der behandlarar frå Psykosepoliklinikken følgjer eigne pasientar også under døgnopphald ved den eine posten. Dette gir gode føresetnader for kontinuitet og heilskaplege behandlingsforløp. Stillinga vil innebere arbeid både i poliklinikk og på sengepost.

Ved Haugaland DPS har vi eit etablert ACT-team i samarbeid med Haugesund kommune og eit FACT-team som følgjer opp pasientar i seks andre kommunar. Poliklinikken driv òg eit omfattande kvalitetsforbetringsarbeid for å vidareutvikla utgreiing og behandling i tråd med nasjonale faglege føringar og oppdatert kunnskap. Som overlege vil du få høve til å bidra aktivt i dette arbeidet.

Fagmiljøet ved Haugaland DPS består av overlegar i psykiatri, psykologspesialistar, legar og psykologar under spesialisering og andre erfarne faggrupper. Verksemda er lokalisert i Haugesund og Kopervik, og det må påreknast arbeid ved begge lokasjonane.

Hos oss får du ein variert og fagleg utfordrande arbeidskvardag, med gode kollegaer, fagleg støtte og moglegheit til å påverke utviklinga av eit framtidsretta behandlingstilbod for pasientar med psykoselidingar.

Kva går jobben ut på?
  • Utgreiing, diagnostiseringog behandling av pasientar.
  • Tverrfagleg klinisk arbeid i team.
  • Rettleiing og internundervisning.
  • Moglegheit for deltaking i felles bakvaktsordning med Haugesund sjukehus.
  • Deltaking i samhandling medpårørande, kommunehelsetenesta og andre samarbeidspartar.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
  • Norsk autorisasjon.
  • Godkjent spesialisering i psykiatri.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

  • er oppteken av å gi pasientane god behandling og oppfølging
  • arbeider systematisk og har god evne til å prioritere
  • har god evne til å kommunisere med pasientar, pårørande og kollegaer
  • har gode samarbeidsevner og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • trivst med varierte arbeidsoppgåver og ein aktiv arbeidskvardag

Vi legg vekt på personlege eigenskapar.

Kvifor skal du velje oss?
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Ein arbeidsplass som er i inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift).
  • Moglegheit for deltaking i prosjekt og kvalitetsutvikling.
  • Sterkt fagleg fellesskap med godt arbeidsmiljø.
  • For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjer gi til kjenne dette i søknaden.

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon
Louise Sandve,Funksjonsleiar,99012230, louise.sandve@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Floravegen 75
5535Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5191177854
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.12.2026
Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Overlege i psykiatri
Overlege i psykiatri

Louise Sandve • Haugesund

On-site
NOK 1,200,000 - 1,800,000
Lønn i samsvar med overenskomst
Pensjonsordning
IA-bedrift
+3
Overlege i psykiatri
Overlege i psykiatri

Helse Fonna HF • Haugesund

On-site
NOK 1,200,000 - 1,700,000
Sjukepleier/vernepleier med videreutdanning innan psykiatri
Sjukepleier/vernepleier med videreutdanning innan psykiatri

Eldremedisinsk poliklinikk alderspsykiatri Haugesund Sjukehus • Haugesund

On-site
NOK 520,000 - 640,000
Nevropsykolog
Nevropsykolog

Monica Haraldseid Breitve • Haugesund

On-site
NOK 700,000 - 900,000
Bustadhjelp
IA-bedrift
Høgt fagleg nivå
+1
Overlege i psykiatri
Overlege i psykiatri

Ønsker ikke kontakt m/annonseselgere • Arendal

On-site
NOK 1,200,000 - 1,800,000
Spesialister i faste stillinger oppnå
Nevropsykolog
Nevropsykolog

Nevropsykologisk poliklinikk, Haugesund sjukehus • Haugesund

On-site
NOK 760,000 - 980,000
Psykologspesialist/ Psykolog
Psykologspesialist/ Psykolog

Anne Marte Lenes Vikestad • Færder

On-site
NOK 750,000 - 980,000
Gode låne- og forsikringsordninger hos
Overlege/lege i spesialisering (LIS3)
Overlege/lege i spesialisering (LIS3)

Allmennpsykiatrisk poliklinikk BUP Stord • Husnes

On-site
NOK 1,200,000 - 1,800,000
Enhetsleder
Enhetsleder

Ønsker ikke kontakt m/annonseselgere • Arendal

On-site
NOK 750,000 - 950,000
Lønn etter avtale
Pensjonsordning (2 % pensjonstrekk)
Flyttegodtgjørelse
Sommarvikarar Psykiatrisk klinikk,
Sommarvikarar Psykiatrisk klinikk,

Stephanie Levy • Førde

On-site
NOK 520,000 - 640,000
Opplæring i eit fagleg spennande miljø
Opplæringskurs for nytilsette
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Top locations