Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Monica Haraldseid Breitve i Haugesund søkjer psykolog/psykologspesialist/nevropsykolog i 100% fast stilling frå 01.01.27. Ved nevropsykologisk poliklinikk i Haugesund vil du vere ein del av eit sterkt fagmiljø og få tilgang til eit velutstyrt testlaboratorium.
Arbeidet omfattar nevropsykologiske undersøkingar for barn og vaksne, rådgiving og støtte til BUP/DPS, samt høve til forsking og fagleg utvikling. Våre krav inkluderer norsk autorisasjon og gjerne spesialisering i nevropsykologi, med gode
Vi søker psykolog/psykologspesialist/nevropsykolog i 100 % fast stilling frå 01.01.27.
Saman med fem andre psykologar/psykologspesialistar og tre testteknikarar, inkludert eit velutstyrt nevropsykologisk testlaboratorium, vil du arbeide i eit sterkt og engasjert fagmiljø. Her blir nevropsykologiske undersøkingar nytta aktivt for å forstå kvardagen til pasienten og gi reell nytte i diagnostikk, behandling og tilrettelegging.
Du vil arbeide ved nevropsykologisk poliklinikk i Haugesund, som har ei særstilling i Norge.
Vi tek imot pasientar i alle aldrar og med eit breitt spekter av problemstillingar, med eller utan somatisk eller psykisk liding. Vi får direkte tilvisingar frå fastlegar, somatiske avdelingar, DPS og BUP.
Vi har eit sterkt fagleg engasjement for utgreiing og behandling der det er nyttig, og legg til rette for fagleg fordjuping og fornying. For deg som ønskjer det, finst det gode moglegheiter for forsking og fagleg utvikling i eit miljø med høg kompetanse og sterk kollegial støtte.
Hos oss er det viktig at du:
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning fra utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Monica Haraldseid Breitve,Funksjonsleiar,+47 91641047,monica.breitve@helse-fonna.no
Karmsundgata 120
5528HAUGESUND
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5201436987
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.11.2026