Overlege Habilitering for vaksne

Habiliteringsavdeling Haugesund Sjukehus

Haugesund

On-site

NOK 500,000 - 650,000

Part time

7 days ago
Be an early applicant

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Løns- og arbeidsvilkår
Pensjonsordning
Utdanningspermisjon
Barnehageplass/hjelp til bustad

Job summary

Habiliteringsavdeling Haugesund Sjukehus søker ein lege for ei fast 50% stilling i Haugesund. Du blir ein del av eit tverrfagleg team som arbeider med vaksne pasientar med utviklingshemming og andre medfødde eller erverva funksjonsnedsetjingar.

Du forventes å bidra i tverrfaglege utgreiingar, behandling og oppfølging i HAVO, med fokus på god pasientbehandling, fagutvikling og samarbeid med kommune- og spesialisthelsetenesta. Starttidspunkt etter avtale.

Qualifications

  • Norsk autorisasjon som lege er eit krav.
  • Spesialistgodkjenning innan relevant fagområde er ønskjeleg.
  • Erfaring frå habilitering eller tverrfagleg samarbeid er ein fordel.
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg.

Responsibilities

  • Arbeide i ei tverrfagleg poliklinikk saman med fysioterapeut og ergoterapeut.
  • Gjennomføre utgreiingar og oppfølging av pasientar med behov for spesialisthelsetenester.
  • Utføre medisinske utgreiingar og kontrollar i HAVO.
  • Bidra til fagutvikling og prosedyrearbeid i avdelinga.

Skills

Norsk autorisasjon som lege
Spesialisering ønskelig
Gode norskkunnskaper

Education

Spesialistgodkjenning innan relevant fagområde

Job description

Er du lege og ønskjer ein meiningsfull arbeidskvardag med fleksibilitet, faglege utfordringar og god balanse mellom jobb og fritid?

Vi har ledig ei fast legestilling (50 %) og søkjer ein lege med interesse for og motivasjon innan habiliteringsfeltet, som ønskjer å arbeide med vaksne pasientar med samansette behov i eit tverrfagleg miljø. Hos oss i Habilitering vaksne (HAVO) blir du ein del av eit kompetent og engasjert tverrfagleg team som arbeider for å gi eit heilskapleg tilbod til vaksne med utviklingshemming og andre medfødte eller tidleg erverva funksjonsnedsetjingar. HAVO har 10 fagstillingar samansett av lege, psykologspesialist, spesialfysioterapeut, spesialergoterapeut og fagkonsulentar (vernepleiarar, pedagog, sosionom og barnevernspedagog). Utfordringane til pasientane er ofte komplekse og krev tett samarbeid internt i spesialisthelsetenesta, på tvers av fagområde og team i avdelinga, og mellom kommune- og spesialisthelsetenesta. Mange i målgruppa møter ulike utfordringar i overgangar gjennom livsløpet. Vanlege tilleggsvanskar kan vere utfordrande åtferd, motoriske vanskar, epilepsi, syndrom og psykiske vanskar. Habiliteringsavdelinga er organisert under Medisinsk klinikk saman med mellom anna nevrologi, indremedisin og pediatri. Avdelinga består av Habilitering vaksne (HAVO), Habilitering barn og unge (HABU) og Lærings- og meistringssenteret (LMS). Vi er for tida lokaliserte på Raglamyr, men avdelinga flyttar til sjukehuset våren 2027.

Dette er ei spennande moglegheit for deg som ønskjer å kombinere klinisk arbeid, tverrfagleg samarbeid og fagleg utvikling innan eit viktig og meiningsfylt fagfelt.

Høyrest dette ut som ei stilling for deg? Då ser vi fram til å motta søknaden din. Oppstart etter avtale.

Kva går jobben ut på?
  • Arbeide i ei tverrfagleg poliklinikk saman med fysioterapeut og ergoterapeut.
  • Gjennomføre individuelle og tverrfaglege utgreiingar, behandling og oppfølging av pasientar med behov for spesialisthelsetenester.
  • Utføre medisinske utgreiingar og kontrollar av pasientar i HAVO.
  • Bidra til fagutvikling og prosedyrearbeid i avdelinga.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
  • Norsk autorisasjon som lege er eit krav.
  • Spesialistgodkjenning innan relevant fagområde er ønskjeleg. Aktuelle spesialitetar er mellom anna nevrologi, psykiatri, allmennmedisin og fysikalsk medisin og rehabilitering. Andre spesialitetar kan også bli vurderte.
  • Erfaring frå habilitering, tverrfagleg samarbeid eller arbeid med målgruppa er ein fordel.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Kva ser vi etter hos deg?
  • Du har interesse for og motivasjon til å arbeide innan habiliteringsfeltet.
  • Du arbeider sjølvstendig og strukturert, og har god gjennomføringsevne.
  • Du har høg fagleg integritet og fokus på kvalitet i pasientbehandlinga.
  • Du samarbeider godt i tverrfaglege team og byggjer gode relasjonar til pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar.
  • Du bidreg positivt til eit godt fagleg og kollegialt arbeidsmiljø.
  • Du er påliteleg og tek ansvar for eigne arbeidsoppgåver
Kvifor skal du velje oss?
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande overeinskomst, samt gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Arbeidstid på dagtid i vekedagane.
  • Årleg 10 dagar fri med lønn til kurs/kongress og kr 35 000 til fordjuping i 100 % stilling, i tråd med avtaleverket.
  • Utdanningspermisjon med lønn i minimum fire månader per femårsperiode.
  • Sjukehuset kan hjelpe til med å skaffe personalbustad og barnehageplass.
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø.
  • Moglegheit til å søkje og deltaking i vidareutdanning for legar innan kompetanseområdet habilitering.
  • Stillinga kan kombinerast med arbeid/vakt i annan avdeling.

Vi oppfordrer alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Kari Anne Brynjelsen,Avdelingsleiar,+47 52732940, kari.anne.brynjelsen@helse-fonna.no
Marian Yrke,Funksjonsleder HAVO, marian.yrke@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Longhammarvegen 36
5536Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5181182052
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.02.2027
Søknadsfrist: 29.11.2026

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Overlege Habilitering for vaksne
Overlege Habilitering for vaksne

Marian Yrke • Haugesund

On-site
NOK 350,000 - 450,000
Gode pensjonsordninger
Avtalt arbeidstid på dagtid
Hjelp med personalbustad og barnehage
+1
Overlege Habilitering for vaksne
Overlege Habilitering for vaksne

Helse Fonna HF • Haugesund

On-site
NOK 500,000 - 700,000
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med (
Årleg 10 dagar fri med lønn til kurs/k
Sjukehuset kan hjelpe til med personal
+3
Allmennmedisinar, Habiliteringsavdelinga for vaksne (HAVO)
Allmennmedisinar, Habiliteringsavdelinga for vaksne (HAVO)

Kjersti Kvalbein • Bergen

On-site
NOK 1,200,000 - 1,800,000
Opplæring og rettleiing
Godt arbeidsmiljø
Fagleg utvikling/kurs
Psykologspesialist
Psykologspesialist

Merete Stavang • Førde

On-site
NOK 750,000 - 900,000
Spennande faglege utfordringar og oppg
Tverrfagleg og kompetent fagmiljø
Opplæring og rettleiing
+4
Helsefagarbeider 67% Natt
Helsefagarbeider 67% Natt

Oddveig Kleppe • Stavanger

On-site
NOK 260,000 - 340,000
Ukentlig undervisning og oppfølgingspl
Stort fokus på arbeidsmiljø
Et støttende og samarbeidende team
+2
Sjukepleier/vernepleier med videreutdanning innan psykiatri
Sjukepleier/vernepleier med videreutdanning innan psykiatri

Doreen Halleland • Haugesund

On-site
NOK 650,000 - 750,000
Bedriftslege/arbeidsmedisiner
Bedriftslege/arbeidsmedisiner

Helse Fonna HF • Haugesund

On-site
NOK 800,000 - 1,200,000
Flexibel arbeidstid
Inkluderande og tverrfagleg arbeidsmil
Gode pensjonsordningar
Helgestillingar Valen sjukehus
Helgestillingar Valen sjukehus

Sikkerhet- og rehabiliteringspost Valen sjukehus • Valen

On-site
NOK 344,000 - 482,000
Opplæring, internundervisning og rettl
Triveleg arbeidsmiljø
Helsefagarbeider - fast 100% stilling ved EVA
Helsefagarbeider - fast 100% stilling ved EVA

Klinikk psykisk helsevern voksne, Driftsavdeling EVA, Helse Stavanger HF • Kydland

On-site
NOK 420,000 - 540,000
Lønn etter overenskomst
Bonusordning for sykepleier- og verneп
Fleksibel arbeidstid
Sykepleier
Sykepleier

Med avdeling for nevrologi og revmatologi, Nordlandssykehuset HF • Bodø

On-site
NOK 540,000 - 720,000
Fagdager
HHLR-kurs hvert år
Gunstige pensjons- og forsikringsordn:
+1
Top locations