Obtenez une réponse de cet employeur
Votre CV et votre lettre de motivation, adaptés exactement à ce que l’employeur recherche.
Marian Yrke i Haugesund søker lege i 50% fast stilling med interesse for habiliteringsfeltet. Arbeidet skjer i tverrfagleg HAVO-enhet med dagtid og poliklinisk/ambulant verksemd.
Stillinga inneber tverrfagleg samarbeid, utvikling av fagområde, og høg fleksibilitet i arbeidet. Startdato 01.02.2027, søknadsfrist 29.11.2026, og hjelpa med bustad og barnehage kan vere tilgjengeleg.
Er du lege og ønskjer ein meiningsfull arbeidskvardag med fleksibilitet, faglege utfordringar og god balanse mellom jobb og fritid?
Vi har ledig ei fast legestilling (50 %) og søkjer ein lege med interesse for og motivasjon innen habiliteringsfeltet, som ønskjer å arbeide med vaksne pasientar med samansette behov i eit tverrfagleg miljø.
Hos oss i Habilitering vaksne (HAVO) blir du ein del av eit kompetent og engasjert tverrfagleg team som arbeider for å gi eit heilskapleg tilbod til vaksne med utviklingshemming og andre medfødte eller tidleg erverva funksjonsnedsetjingar. Vi tilbyr spennande arbeidsoppgåver, fleksitidsordning og eit inkluderande arbeidsmiljø. Arbeidstida er på dagtid i vekedagane, og tenesta har både poliklinisk og ambulant verksemd.
HAVO har 10 fagstillingar samansett av lege, psykologspesialist, spesialfysioterapeut, spesialergoterapeut og fagkonsulentar (vernepleiarar, pedagog, sosionom og barnevernspedagog). Utfordringane til pasientane er ofte komplekse og krev tett samarbeid internt i spesialisthelsetenesta, på tvers av fagområde og team i avdelinga, og mellom kommune- og spesialisthelsetenesta. Mange i målgruppa møter ulike utfordringar i overgangar gjennom livsløpet. Vanlege tilleggsvanskar kan vere utfordrande åtferd, motoriske vanskar, epilepsi, syndrom og psykiske vanskar.
Habiliteringsavdelinga er organisert under Medisinsk klinikk saman med mellom anna nevrologi, indremedisin og pediatri. Avdelinga består av Habilitering vaksne (HAVO), Habilitering barn og unge (HABU) og Lærings- og meistringssenteret (LMS). Vi er for tida lokaliserte på Raglamyr, men avdelinga flyttar til sjukehuset våren 2027.
Den som får tilbod om stillinga, må leggje fram tilfredsstillande politiattest (vandelsattest), jf. helsepersonellova § 20 a.
Dette er ei spennande moglegheit for deg som ønskjer å kombinere klinisk arbeid, tverrfagleg samarbeid og fagleg utvikling innan eit viktig og meiningsfylt fagfelt.
Vi oppfordrer alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning fra utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kari Anne Brynjelsen,Avdelingsleiar,+47 52732940,kari.anne.brynjelsen@helse-fonna.no
Marian Yrke,Funksjonsleder HAVO,marian.yrke@helse-fonna.no
Longhammarvegen 36
5536Haugesund
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5181182052
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.02.2027
Søknadsfrist: 29.11.2026