Miljøterapeut/miljøarbeidar

Svanaug Dvergedal Torgersen

Luster

On-site

NOK 520,000 - 640,000

Full time

14 days+
Application generator

Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Job summary

Hafslo omsorgssenter søkjer miljøterapeut/miljøarbeidar til ein 100% fast stilling frå 25.01.2027 eller etter avtale. Stillinga er delt mellom 60% aktivitør ved omsorgsplassane og 40% ved dagsenteret for demenssjukdom.

Du vil planleggje, gjennomføre og vidareutvikle aktivitetstilbod og arbeide med personsentert omsorg. Arbeidet er dagtid måndag–fredag utan turnus, og du får eit godt fagmiljø og moglegheit for utvikling.

Qualifications

  • Relevante utdanning og/eller praksis; god og relevant praksis kan kompensere for utdanningskravet
  • Engasjement, kreativitet og initiativ

Responsibilities

  • Planleggje, gjennomføre og vidareutvikle aktivitetstilboda ved omsorgssenteret
  • Innhaldsskaping gjennom song, musikk og underhaldning
  • Turar og aktivitet ute, trim og fysisk aktivitet
  • Sosiale møteplassar og fellesskapsaktivitetar
  • Samarbeid med kollegaer, pårørande og andre rundt brukarane

Job description

Miljøterapeut/miljøarbeidar – vil du vere med og skape gode dager?

Har du engasjement, kreativitet og lyst til å gjere ein forskjell i kvardagen til andre? Då kan dette vere stillinga for deg!

Hafslo omsorgssenter ligg flott til i naturskjønne omgjevnadar, sentralt på Hafslo. Her møter du eit inkluderande og fagleg sterkt miljø, der me saman arbeider for at bebuarar og brukarar skal oppleve tryggleik, meistring, aktivitet og gode dagar.

Ved Hafslo omsorgssenter yter me tenester til personar med demenssjukdom som bur på omsorgsplass, til bebuarar i omsorgsbustadar og til heimebuande. Me har også eit dagsenter for personar med demenssjukdom. Personsentrert omsorg står sentralt i arbeidet vårt.

Om stillinga

Me har ledig 100 % fast stilling som miljøterapeut/miljøarbeidar fra 25.01.2027 eller etter avtale.

Stillinga er delt mellom:

  • 60 % aktivitør ved omsorgsplassane
  • 40 % ved dagsenteret for personar med demenssjukdom

Dette er ei dagstilling måndag–fredag, uten turnus.

Me søkjer deg som ynskjer å bruke engasjementet og kreativiteten din til å skape innhald og gode opplevingar i kvardagen. Du får ei sentral rolle i å utvikle aktivitetstilbod som tek utgangspunkt i den enkelte sine interesser, ressursar og behov.

Arbeidsoppgåver

Du får hovudansvar for å planleggje, gjennomføre og vidareutvikle aktivitetstilboda ved omsorgssenteret.

Det kan til dømes vere:

  • song, musikk og underhaldning
  • turar og aktivitet ute
  • trim og fysisk aktivitet
  • sosiale møteplassar og fellesskapsaktivitetar
  • aktivitetar tilpassa den enkelte sine interesser og ressursar
  • planlegging og gjennomføring av aktivitetar ved dagsenteret
  • samarbeid med kollegaer, pårørande og andre rundt brukarane

Me ynskjer å skape aktivitetar som gir glede, meistring, fellesskap og meining – og som bidreg til at kvar enkelt får bruke ressursane sine.

Arbeidsoppgåvene kan variere ut fra behovet til bebuarar og brukarar.

Kven ser me etter?

Me ser etter deg som:

  • har relevant utdanning og/eller praksis. God og relevant praksis kan kompansere for utdanningskravet
  • er engasjert, kreativ og initiativrik
  • likar å finne nye måtar å skape aktivitet og gode opplevingar på
  • arbeider systematisk og strukturert
  • er trygg i møte med ulike menneske og har gode samarbeidsevner
  • kommuniserer godt og bidreg positivt i arbeidsmiljøet
  • ser mennesket bak behovet og ønskjer å bidra til personsentrert omsorg

For arbeid ved dagsenteret inngår henting av brukarar som bur heime. Du må difor ha førarkort klasse B.

Hjå oss får du:
  • ein meiningsfull og variert arbeidskvardag der du kan gjere ein forskjell
  • stor moglegheit til å bruke kreativiteten din og utvikle aktivitetstilbod
  • arbeid måndag–fredag på dagtid
  • eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • moglegheit for fagleg utvikling
  • ein arbeidsplass der me arbeider saman for å skape gode dagar for bebuarar og brukarar
  • arbeid i ein veldriven kommune med gode og trygge rammevilkår
  • kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Andre opplysningar:
  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 måneder
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak fra offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Miljøterapeut/miljøarbeidar
Miljøterapeut/miljøarbeidar

Luster kommune • Luster

On-site
NOK 520,000 - 620,000
Gode pensjonsordninger
Tarifflønn
Miljøterapeut/miljøarbeidar
Miljøterapeut/miljøarbeidar

Luster kommune Hafslo omsorgssenter • Hafslo

On-site
NOK 560,000 - 700,000
Pensjonsordning
Forsikringsordningar
Sjukepleiar/Vernepleiar/Helsefagarbeidar
Sjukepleiar/Vernepleiar/Helsefagarbeidar

Luster kommune Hafslo omsorgssenter • Hafslo

On-site
NOK 420,000 - 520,000
Vernepleiar/sjukepleiar
Vernepleiar/sjukepleiar

Agnete Tuften • Sogndal

On-site
NOK 480,000 - 640,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Gode velferdsordningar
Lønn etter tariffavtale
Miljøterapeut med fagbrev
Miljøterapeut med fagbrev

Nordseterhjemmet, Oslo kommune, Sykehjemsetaten • Oslo

On-site
NOK 420,000 - 520,000
Vernepleier/ Miljøterapeut
Vernepleier/ Miljøterapeut

Anette Raasok • Lillestrøm

On-site
NOK 600,000 - 720,000
Gode pensjons- og forsikringsordninger
Langvaktsturnus - arbeid hver fjerde l
Bedriftsidrettslag
Engasjert helsefagarbeidar som vil gjer ein forskjell?
Engasjert helsefagarbeidar som vil gjer ein forskjell?

Annelin Bauge (Einingsleiar) • Nerheim

On-site
NOK 320,000 - 420,000
Gratis parkering
Rabatt på Frisk treningssenter
Gunstig mobilabonnement
+1
Fagsykepleier
Fagsykepleier

Lunner kommune Lunner helse og omsorgssenter • Harestua

On-site
NOK 550,000 - 750,000
Helsefagarbeidar 18 -20 % fast stilling , helg
Helsefagarbeidar 18 -20 % fast stilling , helg

Øygarden kommune • Ågotnes

On-site
NOK 10,000 - 50,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
Høve til fagleg og personleg utvikling
Tilkallingsvikar: Helsetun og Heimetenester
Tilkallingsvikar: Helsetun og Heimetenester

Marit Irene Aas Nesheim • Aurland

On-site
NOK 320,000 - 460,000