Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
Hafslo omsorgssenter i Hafslo søker ein miljøterapeut/miljøarbeidar for ein 100 % fast stilling frå 25.01.2027 eller etter avtale. Stillinga er delt mellom 60 % aktivitør ved omsorgsplassane og 40 % ved dagsenteret for demenssjukdom, ei dagstilling måndag–fredag utan turnus.
Arbeidet fokuserer på personsentrert omsorg, og hovudoppgåva er å planleggje og vidareutvikle aktivitetstilbod. Førarkort klasse B er nødvendig for dagsenterarbeid og henting av brukarar.
Har du engasjement, kreativitet og lyst til å gjere ein forskjell i kvardagen til andre? Då kan dette vere stillinga for deg!
Hafslo omsorgssenter ligg flott til i naturskjønne omgjevnadar, sentralt på Hafslo. Her møter du eit inkluderande og fagleg sterkt miljø, der me saman arbeider for at bebuarar og brukarar skal oppleve tryggleik, meistring, aktivitet og gode dagar.
Ved Hafslo omsorgssenter yter me tenester til personar med demenssjukdom som bur på omsorgsplass, til bebuarar i omsorgsbustadar og til heimebuande. Me har også eit dagsenter for personar med demenssjukdom. Personsentrert omsorg står sentralt i arbeidet vårt.
Me har ledig 100 % fast stilling som miljøterapeut/miljøarbeidar fra 25.01.2027 eller etter avtale.
Stillinga Er Delt Mellom
Dette er ei dagstilling måndag-fredag, utan turnus.
Du får hovudansvar for å planleggje, gjennomføre og vidareutvikle aktivitetstilboda ved omsorgssenteret.
Det Kan Til Dømes Vere
Me ynskjer å skape aktivitetar som gir glede, meistring, fellesskap og meining – og som bidreg til at kvar enkelt får bruke ressursane sine.
Arbeidsoppgåvene kan variere ut frå behovet til bebuarar og brukarar.
For arbeid ved dagsenteret inngår henting av brukarar som bur heime. Du må difor ha førarkort klasse B.
Vil du vere med og skape gode dagar på Hafslo omsorgssenter? Me ønskjer å høyre fra deg!