A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Herøy kommune, Kultur og oppvekst søkjer ein miljøterapeut til miljøteamet ved Herøy ungdomsskule. Stillinga er eit vikariat frå snart og fram til 30. juni 2027, men med moglegheit for fast tilsetting.
Stillinga følgjer skuleruta med komprimert arbeidsår. Arbeidsoppgåver inkluderer kartlegging og støttesamtalar med ungdommar og føresette, deltaking i tverrfaglege møte og samarbeid med foreldre for å få til eit betre samspel mellom heim, skule og elev.
Vi søker etter ein miljøterapeut som del av miljøteamet på Herøy ungdomsskule. Saman med ungdomsLOS og ungdomscoach jobbar miljøterapeut tett på ungdom som står i fare for å falle ut, eller har falle heilt eller delvis ut av grunnskulen. Stillinga er eit vikariat som er ledig frå snarast fram til 30. juni 2027, men med moglegheit for fast tilsetting. Stillinga følgjer skuleruta med komprimert arbeidsår.
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og referansar
Herøy kommune er omfatta av ordning for sletting av studielån med 25 000,- per år. Sjå www.lanekassen.no for utfyllande informasjon og vilkår.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkarlista kan verte offentleggjort. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !