Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Herøy kommune søker helsefagarbeidar til fast 70 prosents stilling ved Herøy omsorgssenter, seksjon blå. Seksjonen er for menneske med demens og har 16 pasientar, med fokus på individretta miljøterapi og tryggheit.
Arbeidstida er todelt turnus, med arbeid to av seks helger. Stillinga er ledig frå dags dato og det vert lagt vekt på evne til å skape ro og struktur i kvardagen.
Ønsker du å bidra til å fremje livskvalitet for personar med demens? Vi søker etter ein helsefagarbeidar som har eit varmt hjarte for dei som treng ro, tilpassa aktivitet, struktur og trygghet. Vi har ledig ei fast 70 prosents stilling ved Herøy omsorgssenter, seksjon blå. Dette er ein seksjon for menneske med demens som har behov for skjerming. Seksjonen har 16 pasientar. Vi arbeider særskild med individretta miljøarbeid og personsentrert omsorg.
Arbeidstida er for tida organisert i todelt turnus, med arbeid to av seks helger. Stillinga er ledig frå dags dato.
Godkjent autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting.
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med kr. 25000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidater vert kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !