Helsefagarbeidar

Herøy kommune, Myrvåg omsorgssenter seksjon B

Myrvågneset

On-site

NOK 420,000 - 480,000

Part time

4 days ago
Be an early applicant
Application generator

An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Forsikring & pensjon (KLP)
Fagdag i turnus
Videreutdanning stipender
Godt arbeidsmiljø
Elektroniske kurs (Glup/Visma Veileder
IA-bedrift

Job summary

Herøy kommune, Myrvåg omsorgssenter seksjon B søker helsefagarbeidar i ei 80% fast stilling. Arbeidet inkluderer pleie og miljøtiltak for dementepasientar i seksjonen B.

Stillinga vil inngå i todelt turnus med 12,5‑timers vakter kvar fjerde helg. Autorisasjon og politiattest må leggjast fram før tilsetting; kommunen tilbyr kompetanseutvikling og eit godt arbeidsmiljø.

Qualifications

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar.
  • Vidareutdanning og/eller erfaring innan demensomsorg, miljøterapi eller psykiatri er ein fordel.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne.

Responsibilities

  • Pleie- og omsorgsoppgåver til bebuarar i sjukeheim.
  • Individtilpassa miljøarbeid og tiltaksplanar
  • Fylgje opp tiltaksplanar og dokumentasjon etter gjeldande lovverk
  • Rettleie og samarbeide med anna helsepersonell og pårørande
  • Bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald for å kvalitetssikre tenesta

Skills

Norsk autorisasjon
Demensomsorg
Miljøterapi
IKT-kompetanse

Education

Helsefagarbeidarutdanning

Tools

Gerica

Job description

Ønsker du å bidra til ein trygg kvardag for personar med demens? Vi har ledig ei 80 prosents fast stilling som helsefagarbeidar ved Myrvåg omsorssenter, seksjon B. Her arbeider vi særskilt med individtilpassa miljøarbeid.

Arbeidstida er organisert i todelt turnus, med arbeid kvar fjerde helg med 12,5 timers vakter på helg. Stillinga er ledig frå 01.12.2026.

Myrvåg omsorgssenter består av to seksjonar og høyrer til avdeling pleie og omsorg i sektor helse og meistring:

seksjon A: somatisk sjukeheimsseksjon med langtids-, korttids- og KAD-plass (kommunal akutt døgneining)
seksjon B: seksjon for personar med demens med langtids- og korttidsopphald

Arbeidsoppgåver
  • pleie- og omsorgsoppgåver til bebuarar i sjukeheim
  • individtilpassa miljøarbeid
  • utarbeide og fylgje opp tiltaksplanar
  • dokumentasjon etter gjeldande lovverk
  • rettleie og samarbeide med anna helsepersonell
  • rettleie og samarbeide med pårørande
  • bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald for å kvalitetssikre tenesta
Kvalifikasjonar
  • har norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • har vidareutdanning og/eller erfaring innan demensomsorg, miljøterapi eller psykiatri er ein fordel
  • kan bruke IKT som arbeidsverktøy, erfaring med Gerica erein fordel
  • har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
  • tek ansvar for eigne oppgåver og sikrar at dei blir utført på ein god måte
  • tilpassar seg ulike situasjonar og behov som kan oppstå i løpet av arbeidsdagen
  • kommuniserer klart og tydeleg, både med brukarar, pårørande og kollegaer
  • er til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene sine samvitsfullt
  • kan handtere utfordrande situasjonar roleg og profesjonelt
  • møter brukarar og kollegaer med eit smil og ei positiv haldning, sjølv i krevjande situasjonar
  • har vilje til å lære nye ting og utvikle seg i jobben
  • bidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen og godt samarbeid for å løyse oppgåver
  • likar faglege utfordringar der arbeid på tvers av seksjonane gjer kvardagen spennande
  • har fokus på heilskapleg pasientforløp

Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.

Autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting.

Vi tilbyr
  • løn etter gjeldande tariffavtale
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
  • fagdag i turnus
  • stipendordningar ved vidareutdanningar som er i tråd med kompetanseplanen i helse og omsorg
  • godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse
  • elektroniske kurs gjennom Glup og Visma Veilederen
  • IA-bedrift

Herøy kommune er i kommunegruppe 5. Dersom du bur og arbeider i kommunen, kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med25000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.

Kontaktinformasjon

Ane Nærø,Seksjonsleiar,+47 93875336

Arbeidsstad

Åsvegen 13
6080Gurskøy

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune
Referansenr.: 5184588085
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 14.10.2026

Seksjonsleiar

Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.

Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.

Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.

I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Helsefagarbeidar
Helsefagarbeidar

Herøy kommune, Herøy omsorgssenter seksjon blå • Eggesbø

On-site
NOK 279,000 - 357,000
Løn etter gjeldande tariffavtale
Pensjon og forsikringsordning gjennomK
Stipendordning ved vidareutdanning
+2
Er du sjukepleiarstudent ? Jobb eit år - få bonus !
Er du sjukepleiarstudent ? Jobb eit år - få bonus !

Herøy kommune, Pleie- og omsorgsavdelinga • Eggesbø

On-site
NOK 27,000 - 29,000
Stipend 30 000 kr
KLP pensjon og forsikring
Godt arbeidsmiljø
Helsefagarbeidar
Helsefagarbeidar

Ane Nærø • Myrvåg

On-site
NOK 320,000 - 480,000
Løn etter gjeldande tariffavtale
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Fagdag i turnus
+4
Helsefagarbeidar
Helsefagarbeidar

Sissel Reite • Eggesbø

On-site
NOK 270,000 - 330,000
Støttende arbeidsmiljø
KLP-pensjon og forsikring
Barnevernskonsulent
Barnevernskonsulent

Arbeidsplassen • Eggesbø

On-site
NOK 480,000 - 560,000
Pensjons- og forsikringsordningar i K引
IA-bedrift
Er du sjukepleiarstudent ? Jobb eit år - få bonus !
Er du sjukepleiarstudent ? Jobb eit år - få bonus !

Gry Dragsund-Vike • Eggesbø

On-site
NOK 180,000 - 240,000
Stipendordning (30 000 NOK)
Pensjons- og forsikringsordning (KLP)
Godt arbeidsmiljø
Seniorrådgiver
Seniorrådgiver

Arbeidsplassen • Kleppestø, Gamletunet

On-site
NOK 700,000 - 900,000
Gode pensjonsordninger
Fri gruppelivs- og ulykkesforsikring
Helsefagarbeider
Helsefagarbeider

Arbeidsplassen • Erdal

On-site
NOK 420,000 - 480,000
Pensjonsordninger Storebrand
Fri gruppelivs- og ulykkesforsikring
Årsturnus 35,5 timers uke
+1
Helsefagarbeider sykehjem
Helsefagarbeider sykehjem

Arbeidsplassen • Andenes

On-site
NOK 480,000 - 600,000
Engasjerte kollegaer
Godt arbeidsmiljø
Lønn etter tariff
+2
Helsefagarbeider 75% fast stilling
Helsefagarbeider 75% fast stilling

Arbeidsplassen • Ålesund

On-site
NOK 360,000 - 420,000
Interessant arbeidskvardag
Løn etter tariff
Pensjonsordning
+3