A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Herøy kommune søker ein dyktig barnehagelærar/pedagogisk leiar til Myrsnipa barnehage i Fosnavåg. Du blir ein viktig del av barns utvikling der leik, læring og omsorg går hand i hand. Kommunen fokuserer på eit trygt og inkluderande miljø og on la vekt på språkutvikling i samsvar med rammeplanen.
Stillinga er eit 100% vikariat frå 01.01.2027 til 31.07.2027, og det vert lagt vekt på samarbeid med foreldre og kollegaer, samt å skape eit godt miljø for alle på avdeling og heile barnehagen.
Vi søker ein dyktig og engasjert barnehagelærarar/pedagogisk leiar til Herøy kommune. Her får du moglegheita til å vere ein viktig del av barna si utvikling der leik, læring og omsorg går hand i hand.
Vi legg vekt på arbeid med trygt og inkluderande barnehagemiljø, i tillegg til alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK).
Vi driv eit aktivt utviklingsarbeid. Med basis i nasjonal og lokal rammeplan legg vi særskilt vekt på språkutviklinga til barna, og ser dette i ein heilskapleg samanheng med lesing i grunnskulen.
Vi har ledig eit 100 % vikariat som barnehagelærar/pedagogiske leiar i for tida Myrsnipa barnehage i perioden 01.01.2027 - 31.07.2027. Vi ser fram til å motta søknaden din!
Godkjent politiattest av nyare dato må leggast fram før tilsetting. Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.
Herøy kommune er omfatta av ordning for sletting av studielån med 25 000,- per år. Sjå www.lanekassen.no for utfyllande informasjon og vilkår.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar fra hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd før". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !