A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Sengeposten ved Helse Førde leiter etter ein midtsoneassistent som kan avlaste sjukepleiarar og helsefagarbeidarar med praktiske og ikkje-medisinske oppgåver i kvardagen. Rolla krev serviceinnstiltheit, sjølvstende og ei løysingsorientert innstilling.
Du vil arbeide i eit tverrfagleg team innan nevrologi, rehabilitering og indremedisin, og du vil bidra til trygg og god pasientflyt gjennom enkle praktiske gjeremål som kjøkken- og serviceoppgåver samt god koordinering med kollegaer.
Nevrologi og rehabilitering sengepost søkj e r ein positiv og påliteleg medarbeidar til ein praktisk og meiningsfull støttefunksjon i ein hektisk og lærerikt kvardag.
Om stillinga
Midtsoneassistent er ei service- og støttefunksjon der hovudoppgåva er å avlaste sjukepleiarar og helsefagarbeidarar med praktiske og ikkje-medisinske arbeidsoppgåver.
Som midtsoneassistent bidreg du til tryggleik og god flyt i sengeposten gjennom viktige praktiske gjeremål i kvardagen.
Du blir ein viktig del av arbeidsmiljøet på sengeposten.
I sengeposten vår har vi pasientar med sjukdomar og skader innanfor områda nevrologi, rehabilitering og indremedisin. Hjå oss vil du møte fagpersonar frå ulike yrker som lege, sjukepleiar, helsefagarbeidar, logoped, ergoterapeut, fysioterapeut m.m. som alle samhandlar til det beste for pasient og pårørande.
Vi søkjer deg som er serviceinnstilt, sjølvstendig og trivst med å vere der det skjer. Rolla krev ikkjeformell helsefagleg utdanning.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
H else Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.