A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) søker utviklar til å byggje løysingar som tåler nedetid og høg trafikk, med fokus på sikkerheit og brukaroppleving. Avdelinga nyttar ein moderne plattform og arbeidar med kontinuerleg forbetring i tverrfaglege team.
Teama våre nyttar Java, Kotlin, Kafka, React og TypeScript, og vi nyttar OpenShift eller Azure med Kubernetes. Vi utforskar EU eIDAS og EUs eInnsyn-løysingar, og prosjektet krev eigeninit, god kvalitet og god dokumentasjon.
Som utviklar i vår avdeling blir du med på å utvikle løysingar som ikkje tåler nedetid, handterer høg trafikk, og sjølvsagt har den sikkerheita som trengs. Vår topp moderne utviklingsplattform sørger for at produktteama har dei beste fasilitetane for å utvikle smidig og med stor fart. Vi definerer problem, finn løysing, kodar, et lunsj, tek ein kaffi og prodsetter – kvar dag !
Vi er allereie i gang med å utforske alt det nye som kjem med EU si eIDAS-lovgiving og EU-lommebok. Samtidig skal vi gjera våre løysingar som ID‑Porten, Maskinporten, KRR, ELMA, Altinn‑porteføljen og eInnsyn endå betre, sikrare og meir brukarvennlege. Me er heilt sikre på at det blir spennande, krevjande, hektisk, lærerikt og utfordrande – akkurat slik vi likar det !
Om du også likar det slik, kan noko, og vil noko, so søk gjerne.
Teama våre har stor teknologisk friheit og tek i bruk den teknologien som er best egna for den aktuelle oppgava. Vi er best kjent med Java, Kotlin, Kafka, React og TypeScript, men nyttar også .NET. Vi nyttar oss av mikrotenester der det er relevant. Plattformene våre er Kubernetes-basert med OpenShift eller Azure. Vi nyttar Digdir sitt Designsystem https://www.designsystemet.no/
Vi er aktive brukarar av KI og ynskjer å utvide bruken i trygge rammer for å støtte teama i sitt arbeid.
Hovudoppgåvene din vil vere produktutvikling i tverrfaglege produktteam. Du vil saman med teamet ha det tekniske ansvaret for sine produkt og kontinuerleg forbetring av desse over tid. Du bidrar til å bygge løysingar som betyr noko for mange andre og gir løpande verdiauke for samfunnet.