A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Habiliteringstenesta i Bømlo kommune søkjer to miljøterapeutar til medleverturnus. Avdelinga Askebærhaugen/Haugen tilbyr tett oppfølging og faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver omfattar praktisk bistand, kartlegging, plan- og dokumentasjonsarbeid, samt rettleiing av miljøarbeidarar. Krav inkluderer autorisert vernepleiar eller vernepleiarstudentar, og førarkort klasse B. Søknadsfrist 30.11.2026.
Habiliteringstenesta i Bømlo kommune gir tilbod til personar med utviklingshemming som har behov for heildøgnstenester.
Avdelinga Askebærhaugen/Haugen søkjer to engasjerte miljøterapeutar til medleverturnus.
Hos oss får du høve til å vere tett på kvardagen til tenestemottakarane og bidra til føreseielege rammer som skapar tryggleik, meistring og utvikling. Me ser etter deg som er fagleg engasjert, trygg i møte med menneske og som ønskjer å bidra til målretta og fagleg gode tenester.Det vil verta oppstart etter avtale.
2 døgn på, 7 døgn fri
2 døgn på, 7 døgn fri
3 døgn på, 7 døgn fri
Arbeid kvar 4. helg
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Ønskjelege kvalifikasjonar:
Ved vurdering av søkjarar legg me vekt på utdanning, erfaring, personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga.
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5-4.
Sandra Hastrup Thorsheim,Avdelingsleiar,459 70 897, thorsheim@bomlo.kommune.no
Kyrkjevegen 1
5430Bremnes
Arbeidsgivar: Bømlo kommune
Referansenr.: 5208993301
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.11.2026
Me i Bømlo kommuneer stolte av å bu og jobba på ein plass der natur, næringsliv og kultur går hand i hand. Kommunen vår har om lag 12 500 innbyggjarar, og ligg midt mellom Stavanger og Bergen – i hjarta av Sunnhordland. Her finn du eit aktivt næringslivmed vekt på grøn teknologi, eit rikt kulturliv og eit mangfald av lag og organisasjonar. Alt dette gjer Bømlo til ein levande og attraktiv stad å bu, leva og arbeida.
Trygg pensjonsordning:Som tilsett får du ein av dei sikraste pensjonsordningane i landet – offentleg tenestepensjon. Den varer heile livet, ikkje berre i 10 år slik som mange private ordningar. I tillegg får du uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje.
Forsikringsordningar:Me tilbyr gode forsikringsordningar som omfattar yrkesskade, ulykke og fritid – slik at du kan kjenna deg trygg både på jobb og heime.
Hos oss får du ikkjeberre ein jobb – du får høve til å vera med og forma framtida til Bømlo.
Mosterhamn, Bremnes, Bømlo, Bremnes, Bremnes, Bremnes, Bremnes, Rubbestadneset, Finnås