Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Bømlo kommune ønsker tilkallingsvikar ved Bømlo bu- og helsesenter (BBH) som har langtid- og korttidsavdelingar fordelt på fire postar. Arbeidet vil variere etter behov og inkludererKOR, Post 1 Nord, Post 2 Sør, Teiglandshagen bufellesskap, kjøkken og reinhald.
Du bør være helsepersonell eller student innan helsefag, og vere fleksibel og løysingsorientert. Søknadsfrist er 18.12.2026; alder 16–18 år under utdanning kan vurderast.
Har du lyst til å vera tilkallingsvikar på Bømlo bu- og helsesenter?
Bømlo bu- og helsesenter (BBH) er ein sjukeheim med både langtid- og korttidsplassar fordelt på 4 ulike pasientavdelingar; Post 1 Nord, Post 2 sør og Korttid- og rehabilitering (KOR) på Svortland, og Teiglandshagen bufellesskap som ligg lokalisert på Moster. I tillegg har me eigen kjøkkenavdeling og reinhaldsavdeling på helsehuset på Svortland. Alle våre avdelingar har i periodar behov for tilkallingsvikarar.
Ved BBH har me som mål å skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø, for både pasientar og tilsette. Me har god fagdekning, eit godt arbeidsmiljø og arbeidsoppgåvene er både varierte og utfordrande.
Er du student? Bømlo kommune har eiga ordning for studentavlønning. Legg difor ved dokumentasjon på oppnådd utdanning i din søknad.
Arbeidsoppgåvene vil variera ut frå behovet i den aktuelle avdelinga:
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Me søkjer:
For arbeid på institusjon og i omsorgstenester må du helst ha fylt 18 år, men me kan vurdere søkjarar som er mellom 16-18 år og som er under helsefagleg utdanning.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Andre opplysingar
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4.
Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med dei ulike avdelingsleiarane eller verksemdleiar Monica Smedsrud.
Monica Smedsrud,Verksemdleiar,404 85 607,monica.smedsrud@bomlo.kommune.no
Isabel Knutsen,Avdelingsleiar KOR,909 34 641,isabel.knutsen@bomlo.kommune.no
Kristina H. Pettersen,Avdelingsleiar Post 1 Nord,908 93 242,kristina.halleraker.pettersen@bomlo.kommune.no
Solveig G. Madsen,Avdelingsleiar Post 2 Sør,474 52 732,solveig.gausvik.madsen@bomlo.kommune.no
Chatrin P. Risøy,Avdelingsleiar Natt og Reinhald,479 70 390,chatrin.risoy@bomlo.kommune.no
Ann Heidi Mathisen,Avdelingsleiar Teiglandshagen,457 20 536,ann.heidi.mathisen@bomlo.kommune.no
Ann Mari Mikalsen,Kjøkkenleiar,472 75 457,ann.mari.mikalsen@bomlo.kommune,no
Leirdalen 25
5430Bremnes
Arbeidsgivar: Bømlo kommune
Referansenr.: 5133030884
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 18.12.2026