Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Bømlo kommune søker etter trygge og engasjerte personer for å støtte barn og unge med særskilte behov. Oppdragene kan tilpasses hverdagen din, og gir deg muligheten til å gjøre en reell forskjell i et barns liv.
Som en del av dette meningsfulle oppdraget vil du være involvert i fritidsaktivitetar og gi avlasting til familier. Vi setter pris på personlig egnethet og ser fram til å høre fra deg!
Vil du gjere ein skilnad for barn og unge med særskilde behov?
Bømlo kommune søkjer trygge og engasjerte personer som ønskjer å bidra i kvardagen til barn og unge som har behov for støtte, aktivitet eller avlastning.
Dette er små stillingar og oppdrag som kan passe godt ved sidan av studiar, skule, anna arbeid eller for deg som har litt tid til overs – men først og fremst er det ei moglegheit til å vere ein viktig person i eit barn eller ein ungdom sitt liv.
Me tek imot søknader fortløpande og ser fram til å høyre frå deg!
Gro Marita Våge Tulloch
Avdelingsleiar ved sosiale tenester barn og unge
468 92 130
Leirdalen 1, 5430 Bremnes
Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 800 årsverk er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grønne skiftet og ei bærekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. De fleste tenestepensjonar vert utbetalt i 10 år, men offentleg tenestepensjon varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skjer. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.