A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Stord Hotel Drift AS søker ein Sous Chef som får ein sentral rolle på kjøkkenet. Du vil jobba tett med kjøkkensjefen og bidra til gode matopplevingar på Brasserie & Bar 59° samt til selskap, kurs og konferansar. Ein god lagspelar med serviceinnstilt holdning er viktig, og du må kunne etterleva IK-Mat/HACCP-krav.
Stillinga er fast frå 1. november 2026. Du vil arbeide i eit høgt tempo-team og vera med å vidareutvikle kjøkkenet.
Som Sous Chef hos oss får du ei sentral rolle på kjøkkenet og blir ein viktig del av eit dyktig og engasjert team. Du vil jobba tett med kjøkkensjefen og bidra til gode matopplevingar på tvers av hotellet – frå Brasserie & Bar 59° til selskap, kurs og konferansar. Me ser etter deg som trivst med ansvar, høgt tempo og godt samarbeid, og som ønskjer å vera med og utvikla kjøkkenet vidare.
Ansvarleg skiftleiar som leiar og fordeler arbeidet for kjøkkenet
Ivareta gode rutinar, samarbeid på kjøkkenet og med andre avdelingar
Har fagbrev som kokk, med erfaring frå hotell-/ restaurantkjøkken
Ein god lagspelar og er serviceinnstilt
Kunne etterleve krava i IK- Mat/ HACCP
Oversiktleg turnusordning der du arbeider ei veke på tidlegvakt og ei veke på seinvakt
Stillinga er fast frå 1. november 2026
Stord Hotell er eit moderne hotell i hjarta av Sunnhordland, med 172 rom, stor konferanse- og selskapsaktivitet og fleire mat- og drikkekonsept. Hos oss er det høgt tempo, varierte dagar og mange ulike gjesteopplevingar som skal skapast – frå à la carte i Brasserie & Bar 59° til selskap, konferansar og større arrangement.
Me er opptekne av kvalitet, utvikling og godt samarbeid, og ønskjer å vera ein arbeidsplass der du får ta ansvar, bidra med idear og utvikla deg fagleg. På kjøkkenet blir du ein del av eit engasjert team som brenn for gode råvarer, godt handverk og matopplevingar me kan vera stolte av.