Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Helse Bergen HF tilbyr to faste deltidsstillinger som Matvert ved Matforsyning. Arbeidet omfattar reinhald, oppvask og rydding, og blir utført kvar tredje helg i våre spisestuer.
Kvalifikasjonar: erfaring frå kjøkken/kantine og dokumenterbare språkferdigheiter; personlege eigenskapar som serviceinnstilling og fleksibilitet. Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst. Vi oppmodrar søkjarar til Vitnemålsportalen og inkluderer utdanning frå utlandet godkjenning.
Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikke-medisinske tenester og -produkt til føretaket.
Helse Bergen har gjennom si satsing på ernæring vedtatt etablering av Spisestua. Dette er eit konsept der kjøkkenfagleg personell slutt-tilverkar maten til pasientane ute i klinikken. Målet er at kjøkkenfagleg personell skal kome i nærare kommunikasjon med pasienten for å tilpasse kvar enkelt sitt ernæringsbehov.
Hospitaldrift Matforsyning har ansvar for spisestuene som finst for fleire avdelingar. Per i dag betener vi 22 spisestuer. Spisestuene er open frå kl. 07.00 - 22.00 alle dagar. Her ønsker vi å tilby pasientane freistande mat i hyggelege omgjevnader.
Den fremste oppgåva for våre matvertar, er å påverke pasientane til å ete og ta til seg næring. Vi ønsker å bidra til at måltidet blir mellom dagens høgdepunkt for pasientane. Matvertane tar seg av bestilling, slutt-tilverking, anretting av mat, oppvask og rydding.
V i har no ledig følgande stillingar:
2 x 15% faste stillingar som Matvert, med arbeid kvar tredje helg.
Vi oppfordrer alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.