Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
Helse Bergen HF søker Matvertar for å tilsette rundt pasientar med fokus på ernæring og matomsorg. Arbeidet vert gjennomført i spisesalar og kjøkkenområde, med ansvar for bestilling, tillaging, og levering av måltider.
Vi søkjer kandidatar med fagbrev som kokk eller tilsvarande erfaring, og gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Fleksible og sjølvstendige personar vil trives i eit hektisk miljø.
Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket.
Helse Bergen har gjennom si satsing på ernæring vedtatt etablering av Spisestua. Dette er eit konsept der kjøkkenfagleg personell slutt-tilverkar maten til pasientane ute i klinikken. Målet er at kjøkkenfagleg personell skal kome i nærare kommunikasjon med pasienten for å tilpasse kvar enkelt sitt ernæringsbehov.
Hospitaldrift Matforsyning har ansvar for spisestuene som finst for fleire avdelingar. Per i dag betener vi 22 spisestuer. Spisestuene er open frå kl. 07.00 - 22.00 alle dagar. Her ønsker vi å tilby pasientane freistande mat i hyggelege omgjevnader.
Sjukdomsrelatert underernæring er vanleg hos pasientar som blir innlagd på sjukehus. Dette fører til unødig høg førekomst av komplikasjonar, og kan vere med på å forlenge sjukehusopphaldet.
Den fremste oppgåva for våre matvertar, er å påverke pasientane til å ete og ta til seg næring. Vi ønsker å bidra til at måltidet blir mellom dagens høgdepunkt for pasientane. Matvertane tar seg av bestilling, slutt-tilverking, anretting av mat, oppvask og rydding.
Vi har no ledig følgande stillingar:
2 x 15% faste stillingar som Matvert, med arbeid kvar tredje helg.1 X 100% stilling som Matvert, vikariat i 6 måneder med arbeid kvar tredje helg.
Vi søker etter fleksible, sjølvstendige og ansvarsbevisste personar som er villig til å tileigne seg ny kunnskap. Matverten må pårekna å arbeide i alle våre spisestuer.
Merk søknaden med kva stilling ein søker på.Søkarer med fagbrev som kokk vil også være aktuelle.
Kandidatar kan bli innkalla til intervju undervegs i prosessen.
Vi oppfordrer alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Evy Førland Sander,Seksjonsleiar,55974904,evsa@helse-bergen.no
Haukelandsveien 22
5021Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5179333696
Stillingsprosent: 15, 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 19.10.2026
Søknadsfrist: 28.09.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.