Markedsrådgiver analyse og brukerinnsikt

Twoja Norwegia

Stavanger

On-site

NOK 630,000 - 700,000

Full time

19 hours ago
Be an early applicant

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Job summary

Kartverket søker ein nyutdanna rådgivar som kombinerer teknologiforståing med samfunnsengasjement og brukarinnsikt.

Du vil arbeide med analyse, brukarinnsikt og effektmåling, og omsetje data til tilrådingar som skaper verdi for samfunnet. Stillinga er knytt til marknadsavdelinga i Stavanger, med noko reiseverksemd.

Høgt kvalifiserte kandidatar med relevant masternivå og erfaring med kvalitative og kvantitative metodar vil bli prioritert; gode norskkunnskapar og engelsk er nødvendig.

Qualifications

  • Mastergrad i økonomi, marknadsføring, analyse, samfunnsvitskap, teknologi eller tilsvarande.
  • Praktisk erfaring med kvalitative og kvantitative analysemetodar og brukarundersøkingar.
  • God forståing for offentleg sektor og korleis data skapar samfunnsnytte.
  • Gode norsk- og engelsk-kunnskapar, og evne til tverrfagleg samarbeid og formidling.
  • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av HK-dir.

Responsibilities

  • Analysere brukardata og bruksmønster for å identifisere behov og verdiskaping.
  • Kartlegge brukargrupper og gjennomføre brukarundersøkingar og intervjuer.
  • Kombinere kvalitative og kvantitative data for heilskapleg brukarinnsikt.
  • Måle tiltakseffekt og utarbeide tilrådingar for strategiske og operative avgjerder.
  • Utforske statistiske metodar og maskinlæring for å finne mønster.
  • Bruke CRM, Power BI og KI-løysingar til analyse og visualisering.
  • Formidle innsikt og synleggjere verdi av data for leiing og andre interessentar.
  • Bidra til andre relevante oppgåver i marknadsavdelinga.

Skills

Kvantitativ analyse
Kvalitativ analyse
Brukarundersøkingar
Segmentering
Kommunikasjon
Offentlig sektor forståing

Education

Mastergrad i relevant fagfelt

Tools

Power BI
CRM
AI-løysingar

Job description

For å styrkje bruken og samfunnsnytten av Kartverket sine data og tenester søkjer vi ein nyutdanna, analytisk og samfunnsengasjert rådgivar som kombinerer god teknologiforståing med nysgjerrigheit på menneska bak tala.

Vi ser etter deg som har fullført ein relevant mastergrad, og som ønskjer å bruke analyse, kunstig intelligens og brukarinnsikt til å forstå brukarane sine behov og bidra til betre avgjerder og auka verdiskaping.

Som rådgivar i marknadsavdelinga får du ei sentral rolle i arbeidet med å forstå kven som brukar Kartverket sine data og tenester, korleis dei blir brukte, og kva behov brukarane har. Du vil kombinere kvantitative analysar med kvalitative metodar for å få innsikt i både kva brukarane gjer, og kvifor dei gjer det.

Du vil arbeide både strategisk og operativt med analyse, brukarinnsikt og effektmåling. Ein viktig del av rolla er å omsetje data og innsikt til relevante tilrådingar som gir grunnlag for prioriteringar, betre brukaroppfølging og auka samfunnsnytte.

Samarbeid med brukarar, fagmiljø, dataforvaltarar og andre interessentar er viktig for å lukkast. Du får spennande og varierte oppgåver i skjeringspunktet mellom teknologi, analyse, menneskeforståing og samfunnsnytte.

Stillinga vil vere knytt til Kartverket si sentrale marknadsavdeling. Marknadsavdelinga består av seks dyktige kollegaer fordelte mellom Hønefoss og Stavanger. Du vil arbeide med oppgåver innan fleire av Kartverket sine samfunnsområde, men arbeidsstaden din vil vere Stavanger.

Noko reiseverksemd må reknast med.

  • Analysere brukardata og bruksmønster på tvers av Kartverket sine produkt og tenester for å identifisere behov, trendar og moglegheiter for verdiskaping.
  • Kartleggje og segmentere brukargrupper, og gjennomføre brukarundersøkingar, intervju og analysar av brukarreiser.
  • Kombinere kvalitative og kvantitative data for å utvikle heilskapleg brukarinnsikt.
  • Måle effekten av tiltak og utarbeide analysar og tilrådingar som støttar strategiske og operative avgjerder.
  • Utforske og ta i bruk statistiske metodar, prediktive analysar og maskinlæring for å identifisere mønster, samanhengar og utviklingsmoglegheiter der datagrunnlaget er eigna.
  • Hente inn, strukturere, kvalitetssikre og samanstille data frå ulike kjelder for å leggje til rette for analyse og utvikling av brukarinnsikt.
  • Bruke og vidareutvikle CRM, Power BI og KI-løysingar til analyse, visualisering, rapportering og effektivisering av innsiktsarbeidet.
  • Formidle innsikt og synleggjere verdien av Kartverket sine data for leiing, fagmiljø og andre relevante interessentar.
  • Bidra til andre relevante oppgåver i marknadsavdelinga.

Du vil arbeide med problemstillingar innan fleire av Kartverket sine samfunnsområde.

Kvalifikasjonar
  • Relevant høgare utdanning på masternivå innan økonomi, marknadsføring, analyse, samfunnsvitskap, teknologi eller tilsvarande.
  • Kompetanse og praktisk erfaring med kvalitative og kvantitative analysemetodar, brukarundersøkingar, segmentering og kartlegging av brukarbehov og brukarreiser.
  • God forståing for offentleg sektor, samfunnsoppdrag og korleis data og innsikt kan bidra til verdiskaping og samfunnsnytte.
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk, og evne til å samarbeide på tvers av fagmiljø og formidle analysar og tilrådingar til ulike målgrupper.

Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).

Vi ser etter deg som er analytisk og teknologisk nysgjerrig, men som samstundes har ei genuin interesse for menneske. Du forstår at tal og statistikk berre fortel delar av historia, og at god brukarinnsikt også krev evna til å lytte, stille spørsmål og forstå ulike perspektiv.

  • Kombinerer god teknologiforståing med nysgjerrigheit på menneske og behova deira.
  • Er analytisk og strukturert, men evnar å sjå menneska bak tala.
  • Har evne til raskt å setje deg inn i komplekse problemstillingar.
  • Evnar å omsetje data og brukarinnsikt til tydelege og relevante tilrådingar.
  • Er hjelpsam, fleksibel og trivst med å samarbeide på tvers av fagmiljø.
  • Ein moderne, levande og morosam arbeidsplass, interessante arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø
  • Ein kompetansearbeidsplass i utvikling
  • Gode velferdsordningar
  • Stillinga blir løna som 1434 rådgjevar med lønn fra 630 000,- til 700 000,-.
Kvifor skal du velje oss?

I Kartverket kombinerer vi stolte tradisjonar med framtidsretta teknologi for å løyse samfunnskritiske oppgåver. Verdien av fellessløysingane og den geografiske infrastrukturen Kartverket forvaltar er estimert til 30 milliardar kroner årleg innanfor viktige samfunnsområde som tryggleik og beredskap, klima, miljø og natur, kommunal forvaltning og privat næringsliv.

Vi trur på moderne måtar å jobbe på. Med ei produktorganisert tilnærming set vi brukarane i sentrum og sikrar rask verdi gjennom kontinuerlege leveransar. Vi har ein ambisjon om å gi alle våre tilsette ein kvardag der meistring og arbeidsglede står høgt i fokus. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidas løysingar.

Om søknaden din

Kartverket er oppteken av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Me har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunnar, erfaringar, kompetansar og perspektiv for å løyse vårt samfunnsoppdrag. Me oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.

Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil me kalle inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylle visse krav. Du kan lese meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast.

Om du treng teknisk hjelp til søknaden, ta kontakt med support hos Grade Jobbnorge.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Markedsrådgiver analyse og brukerinnsikt
Markedsrådgiver analyse og brukerinnsikt

Om Kartverket • Verven

On-site
NOK 630,000 - 700,000
Modern arbeidsplass
Kompetanseutvikling
Gode velferdsordningar
+3
Geodatamedarbeider
Geodatamedarbeider

Kartverket • Trondheim

On-site
NOK 650,000 - 850,000
Spennende arbeid
Velferdsordninger
Fleksitid og sommertid
+3
Dataforvalter
Dataforvalter

Vidar Bøe • Verven

On-site
NOK 650,000 - 780,000
Fleksitid/Sommertid
Pensjonsordning
Boliglån SPK
+1
Geodatamedarbeider
Geodatamedarbeider

Lars Mardal • Trondheim

On-site
NOK 650,000 - 850,000
Bedriftsidrettslag
Treningsrom
Trening én time pr. uke i arbeidstiden
+3
Dataforvalter
Dataforvalter

Kartverket • Verven

On-site
NOK 650,000 - 780,000
Spennende arbeidsoppgaver
Bedriftsidrettslag
Treningsrom
+6
GIS-rådgjevar
GIS-rådgjevar

Ole Gunnar Krakhellen • Drevdal

Hybrid
NOK 650,000 - 850,000
Tilgang til fagprogramvare og digitale
Fleksitidsordning
Pensjons- og forsikringsordningar
Spesialrådgiver
Spesialrådgiver

Solveig Valseth • Oslo fylke

On-site
NOK 995,000 - 1,050,000
Statens pensjonskasse medlemskap
Fleksible arbeidstidsordninger
Prosjektleder
Prosjektleder

Twoja Norwegia • Oslo fylke

Hybrid
NOK 600,000 - 900,000
Automasjonsingeniør
Automasjonsingeniør

Stine J. Christensen • Molde

On-site
NOK 700,000 - 900,000
Fleksitid
Avspasering
Pensjonsordning
+3
KI-teknolog
KI-teknolog

Brønnøysundregistera • Brønnøysund

On-site
NOK 580,000 - 950,000
Fast lønnsordning
Fleksibel arbeidstid
Pensjonsordning i Statens Pensjonskass
+1
Top locations