A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Interkommunalt GIS-samarbeid mellom kommunane søkjer ein GIS-rådgjevar til å forvalte, produsere og vidareutvikle kart og geodata i eit femkommunalt samarbeid.
Du vil samarbeid med fagansvarlege for kart og GIS, og levere tenester til alle fem kommunar, inkludert brukarstøtte og utvikling av løysingar og arbeidsmåtar.
Frå 1. januar 2027 etablerer Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal kommunar eit felles vertskommunesamarbeid for kart, oppmåling og GIS, med Luster kommune som vertskommune.
Me søkjer ein GIS-rådgjevar i 100 % fast stilling, med oppstart 1. januar 2027. Det er opning for å ha arbeidsstad i ein av kommunane i samarbeidet.
Det nye samarbeidet får ni fagtilsette: tre innan kart og GIS, inkludert fagansvarleg, og seks innan oppmåling og matrikkel, inkludert fagansvarleg. I tillegg kjem einingsleiar. Du vert dermed del av eit større fagmiljø som skal levera tenester til alle dei fem kommunane.
Som GIS-rådgjevar vil du arbeida med forvaltning, produksjon og utvikling av kart og geodata. Du vil samarbeida tett med fagansvarleg for kart og GIS, den andre GIS-rådgjevaren og resten av fagmiljøet i samarbeidet, i tillegg til relevante fagmiljø i kommunane.
Kommunane nyttar Norkart sine løysingar på sentrale delar av fagområdet, med GISLine som ei sentral plattform. Arbeidet omfattar både dagleg forvaltning av kart- og geodata, brukarstøtte og utvikling av løysingar og arbeidsmåtar. Oppgåver og ressursar skal nyttast på tvers av kommunegrensene, slik at alle kommunane får likeverdige tenester.
Arbeidsoppgåvene er dynamiske og vil kunna endra seg i takt med den teknologiske utviklinga, behova i kommunane og vidare utvikling av samarbeidet.
Me ser etter deg som har interesse for GIS, kart og geodata og som ønskjer å vera del av eit større fagmiljø.
Relevant praksis kan kompensera for delar av utdanningskravet.
Erfaring med GISLine og andre løysingar frå Norkart er ein klar fordel. Det same gjeld erfaring frå kommunal GIS- og geodataforvaltning, FKB, Geovekst, planregister, webkart eller andre relevante kart- og fagsystem. Dersom du ikkje har erfaring med GISLine frå før, må du vera førebudd på å tileigna deg denne kompetansen.
Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.
Andre opplysningar