Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Kartverket søker ein nyutdanna rådgivar i marknadsavdelinga som kombinerer teknologiforståing med menneskeinnsikt for å forstå brukarar og skape samfunnsnytte. Rollen er knytt til Stavanger og krev samarbeid på tvers av fagmiljø.
Du vil arbeide strategict og operativt med analyse, brukarinnsikt og effektmåling, og omsetje data til konkrete tilrådingar for prioritert arbeid og betre brukaroppfølging.
For å styrkje bruken og samfunnsnytten av Kartverket sine data og tenester søkjer vi ein nyutdanna, analytisk og samfunnsengasjert rådgivar som kombinerer god teknologiforståing med nysgjerrigheit på menneska bak tala.
Vi ser etter deg som har fullført ein relevant mastergrad, og som ønskjer å bruke analyse, kunstig intelligens og brukarinnsikt til å forstå brukarane sine behov og bidra til betre avgjerder og auka verdiskaping.
Som rådgivar i marknadsavdelinga får du ei sentral rolle i arbeidet med å forstå kven som brukar Kartverket sine data og tenester, korleis dei blir brukte, og kva behov brukarane har. Du vil kombinere kvantitative analysar med kvalitative metodar for å få innsikt i både kva brukarane gjer, og kvifor dei gjer det.
Du vil arbeide både strategisk og operativt med analyse, brukarinnsikt og effektmåling. Ein viktig del av rolla er å omsetje data og innsikt til relevante tilrådingar som gir grunnlag for prioriteringar, betre brukaroppfølging og auka samfunnsnytte.
Samarbeid med brukarar, fagmiljø, dataforvaltarar og andre interessentar er viktig for å lukkast. Du får spennande og varierte oppgåver i skjeringspunktet mellom teknologi, analyse, menneskeforståing og samfunnsnytte.
Stillinga vil vere knytt til Kartverket si sentrale marknadsavdeling. Marknadsavdelinga består av seks dyktige kollegaer fordelte mellom Hønefoss og Stavanger. Du vil arbeide med oppgåver innan fleire av Kartverket sine samfunnsområde, men arbeidsstaden din vil vere Stavanger.
Noko reiseverksemd må reknast med.
Du vil arbeide med problemstillingar innan fleire av Kartverket sine samfunnsområde.
Vi ser etter deg som har:
Relevant kompetanse og erfaring kan vere opparbeidd gjennom utdanning, prosjektarbeid, traineeprogram eller anna arbeidserfaring.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).
Vi ser etter deg som er analytisk og teknologisk nysgjerrig, men som samstundes har ei genuin interesse for menneske. Du forstår at tal og statistikk berre fortel delar av historia, og at god brukerinnsikt også krev evna til å lytte, stille spørsmål og forstå ulike perspektiv.
Vi trur du vil trivast hos oss dersom du:
I Kartverket kombinerer vi stolte tradisjonar med framtidsretta teknologi for å løyse samfunnskritiske oppgåver. Verdien av fellessløysingane og den geografiske infrastrukturen Kartverket forvaltar er estimert til 30 milliardar kroner årleg innanfor viktige samfunnsområde som tryggleik og beredskap, klima, miljø og natur, kommunal forvaltning og privat næringsliv.
Vi trur på moderne måtar å jobbe på. Med ei produktorganisert tilnærming set vi brukarane i sentrum og sikrar rask verdi gjennom kontinuerlege leveransar. Vi har ein ambisjon om å gi alle våre tilsette ein kvardag der meistring og arbeidsglede står høgt i fokus. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidas løysingar.
Positiv særbehandlingKartverket er oppteken av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Me har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunnar, erfaringar, kompetansar og perspektiv for å løyse vårt samfunnsoppdrag. Me oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.
Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil me kalle inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylle visse krav. Du kan lese meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast.