A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Helse Førde HF i Førde sjukehus leitar etter LIS3 til eit årsvikariat ved ortopedisk avdeling, med moglegheit for forlenging. Oppstart 01.01.2027, og alternativ oppstart frå mars for kandidatar som fullfører LIS1 våren 2027.
Fast arbeidsstad er Førde sentralsjukehus. Avdelinga har sju LIS3-stillingar og rettleiing av turnuslege og turnuslegar inngår i arbeidsdagen, i eit fagmiljø med god breidde i ortopediske tenester og tilgang til regionale fagmiljø.
Ortopedisk avdeling ved Førde sentralsjukehus søkjer LIS3 til eit årsvikariat med moglegheit for forlenging.
Det er god breidde i det ortopediske tilbodet i Helse Førde, med fast tilsette overlegar innan alle fagfelta. Avdelingahar aktivitet ved sjukehusa iFørde, Lærdal og Eid.
Fast arbeidsstad for LIS3 er Førde sentralsjukehus.
Avdelinga i Førde har sju LIS3 stillingar og ni LIS1 stillingar. Vi har ein sengepost med sju døgns drift i Førde.
F ørde sentralsjukehus ligg sentralt til i Sunnfjord kommune, omgitt av storslått natur med gode moglegheiter for friluftsliv året rundt. Regionen byr på eit aktivt kultur- og idrettsmiljø, treningssenter og eit variert fritidstilbod. Førde har gode kommunikasjonar til både Bergen og Oslo, og alle nødvendige tenester og fasilitetar er lett tilgjengelege i nærleiken. Sjekk elles ut kommunen vår på: Sunnfjord kommune .
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
H else Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald fra arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.